FRAMSTILT FOR VARETEKTSFENGSLING: Mannen som stakk ein person med kniv i Sogndal, laurdag, vert måndag framstilt for varetektsfengsling i Sogn og Fjordane tingrett.
FRAMSTILT FOR VARETEKTSFENGSLING: Mannen som stakk ein person med kniv i Sogndal, laurdag, vert måndag framstilt for varetektsfengsling i Sogn og Fjordane tingrett. (Foto: Arkiv)

Knivstikkinga i Sogn: Politiet måtte bruka makt under pågripinga

Gjerningsmannen og offeret etter knivstikkinga i Sogn i helga var i slekt. Då politiet kom til staden vart det ei dramatisk pågriping.

Sogndal: Mannen som laurdag kveld knivstakk ein person ved ein privat bustad i Indre Sogn, vart måndag framstilt for varetektsfengsling i Sogn og Fjordane tingrett i Førde.

– Vedkomande er sikta for grov kroppsskade med kniv, seier regionlensmann Inger Lill Lanes ved Sogndal lensmannskontor.

Ho fortel at offeret og gjerningsmannen er i slekt med kvarandre.

Lanes: – Ganske dramatisk

Politiet er i innleiinga av etterforskinga, og vil ikkje gå ut med vidare detaljar om ugjerninga før dei har avhøyrt aktuelle vitner i saka.

Lanes kan likevel fortelja at eit vitne ringte politiet og varsla om den farlege situasjonen. Då politiet kom til staden var offeret allereie blitt knivstukken.

– Det var ganske dramatisk. Kniv er eit farleg reiskap, seier Lanes.

Politiet måtte bruka makt

Ho seier politiet måtte bruka makt då dei skulle pågripe gjerningspersonen.

– Det var heilt naudsynt, seier ho.

Laurdag opplyste politiet i ei pressemelding at offeret vart behandla av lege og vurdert til å vera lettare skadd. 

Vedkomande som blei knivstukken har det etter forholda bra. Det er ikkje livstrugande, seier Lanes.

Til toppen