Luster: Ved 17-tida sundag fekk Vest politidistrikt melding om ei dødsulukke, der ein mann i 60-åra omkom etter eit fall frå Mjølkedalsbreen.
Magne Knudsen, politioverbetjent og tenestestadleiar for Årdal, opplyser at ulukka skjedde på Mjølkedalspiggan, eit vél 2000 meter høgt fjell, i Luster kommune.
Politiet er no på veg opp til staden, og har starta etterforskinga av saka.
– Avdøde er framleis på staden og skal hentast ut i dag. I går fekk me henta ut pårørande som var saman med han, men det var ikkje flyvêr og sikt nok til å få henta ut avdøde. Han vil bli henta ut med helikopter i dag, seier Knudsen.
Dei pårørande får naudsynt oppfølgjing, ifølgje Knudsen.
– Mista fotfestet
Til NRK sa Knudsen følgjande:
– På tur opp til ein fjelltopp var mannen uheldig og gjekk på ein laus stein, slik at han miste fotfestet.
– I området der han har falle utfor, er ei fjellside som er 100 meter høg, sa Per Algerøy operasjonsleiar ved Vest politidistrikt til avisa.
Les òg: Mann (60) omkom etter fall på Mjølkedalsbreen i Luster