FORNUFTIG: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen meiner det er fornuftig av politimeister Kaare Songstad ikkje å ta ei beslutning på om lensmannskontoret skal liggja i Årdal eller Lærdal. Foto: Ina Eirin Eliassen. 
FORNUFTIG: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen meiner det er fornuftig av politimeister Kaare Songstad ikkje å ta ei beslutning på om lensmannskontoret skal liggja i Årdal eller Lærdal. Foto: Ina Eirin Eliassen. 

Knudsen om innstillinga: – Fornuftig

Lensmann i Årdal, Magne Knudsen meiner det er fornuftig av politimeister Kaare Songstad ikkje å ta ei beslutning på om lensmannskontoret skal liggja i Årdal eller Lærdal. 

Årdal: – Eg meiner det er ei fornuftig beslutning. Eg synest me har ein politimeister som har lagt fram dette på ein ryddig måte, og no har me ei reell moglegheit til å koma med innspel. Det tykkjer eg er utruleg godt å sjå, seier Knudsen.

Det var få overraskingar i innstillinga til politimeisteren som vart lagt fram fredag. i Sogn vil han behalde lensmannskontora i Sogndal og Vik, medan han framleis ikkje har bestemt seg for om Årdal eller Lærdal skal få behalde kontoret sitt. Men han er klar på at det berre skal vere eitt kontor her. 

– Dette er i samsvar med det eg har spelt inn. Ein kunne kanskje håpa at me fekk landa om det skal vere kontor i Årdal eller Lærdal, men samstundes støttar eg tilnærminga politimeisteren har, seier regionlensmann Arne Johannessen.

– No får kommunane eit godt høve til å spela inn sine argument, og ein får kjøpt seg litt ekstra tid til å kvalitetssikra alle sider ved plassering av eit kontor, legg han til. 

– Uakseptabelt

No ventar seks veker med høyring fram til 1. desember. Og her kjem iallfall Aurland til å flagge tydeleg kva dei meiner.

– Dette er uakseptabelt. Ut frå ein totalsituasjon med innbyggjarar, turisme, gjennomgangstrafikk og geografisk område, meiner eg at me må ha eige kontor, seier ordførar Noralv Distad (H), som er tydeleg på at dei ikkje har gitt opp. 

Han kjøper ikkje argumentet med at Aurland vil liggje midt mellom Voss og eit eventuelt kontor i anten Lærdal eller Årdal. 

– Det er for lang responstid. Ein skal vere klar over at me har opp mot 20 000 innom kommunen vår på dei mest travle dagane. Me er mellom anna den kommunen i landet med flest kilometer tunnel. Politibemanninga i Sogn er ikkje god nok slik han er i dag, og at han skal bli ytterlegare svekka, er ikkje akseptabelt.

Ligg i midten

I Lærdal seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp) at han har stor respekt for nabokommunane sine. Han har tidlegare sagt at han meiner alle kommunar burde ha lensmannskontor.

– Lærdal har tre gode argument. Det er geografi, krysningspunkt mellom E16 og riksveg 5, som er to vegar med mykje trafikk og uhell, samt eit lokale som står klart til å flyttast inn i og er kommunalt eigde.

Tilbake i Årdal er lensmann Knudsen ikkje engsteleg for prosessen vidare. Også han tykkjer det er trasig at det ikkje vil vere politi i alle kommunar.

– Så får me vere ryddige i prosessen. Eg meiner det mest riktige er å velja Årdal som er den største kommunen. No skal me vere ryddige, oppføre oss som folk og saman med kommunane og nabokommunane finna den beste løysinga.

Regionlensmann Johannessen seier det er vanskeleg å spå kor gode sjansar kommunar har for å endre synet til politimeisteren, men håpar det vert ein reell høyringsrunde. 

Til toppen