VIL HA TODELT BARNEVERN: Trude Klingenberg meiner samfunnet treng dei som er kritiske til organiseringa av barnevernet.
VIL HA TODELT BARNEVERN: Trude Klingenberg meiner samfunnet treng dei som er kritiske til organiseringa av barnevernet. (Foto: Arkiv)

Knus egget for samfunnets barnevern!

– No er det på tide at samfunnet hjelper dei svakaste i samfunnet vårt, skriv Trude Klingenberg.

Sogn: Frå politikk til samfunn. Frå samfunn til politikk. Det er berre eit tidsspørsmål før politikarane må stille seg sjølv spørsmålet «er barnevernet rett organisert?». Tida er moden for å endre eit heilt system. Kompetanseheving i sin heilheit er plutselig blitt eit svakt tiltak og argument. 
 
Samfunnet skal applaudere Samnanger Kommune som går framføre som eit prakteksemplar. Den urett som ikkje rammer deg sjølv, men som er uretten barnevernet kan påføre ein familie.
 

Politikarane må våkne opp

Menneskerettighetsjurist Gro Hillestad Thune har heilt rett «Vi må få full innsikt i saker der det nå».
 
Er barnevernet rett organisert når menneskjer skal bli ein kasteball i eit system? Gjennom barnevern, politi, helsevesen, advokatar og rettssystem? Ein kan ikkje forestille seg den kampen. Og i dei fleste tilfeller er det barnevernet som sit med den største makta? Er barnevernet venn eller fiende - har dei empati eller sympati? Dette blir avgjerande. Får ein hjelp eller får ein ikkje? Blir ikkje dette eit sjansespel? 
 
Alt som er nytt er skummelt, og då er det kanskje lettare å seie at dagens barnevern fungera? «Slik har me gjort det i alle år, og slik skal me fortsetje å gjere det?».
 

No er det på tide at samfunnet hjelper dei svakaste i samfunnet vårt.

Trude Klingenberg
Politikarane må våkne opp og ta signala som samfunnet sender. Rapportane som kjem fram som avdekkar lovbrot på lovbrot. Historiane som blir fortalt.
 
Då kan me ikkje sitje å seie at det fungera? Hadde det fungert, så hadde me vel ikkje høyrt noko om det? Eller det hadde ikkje blitt satt så stort fokus på? Me kan ikkke berre ta hendene framføre augene og håpar at dette skal gå over av seg sjølv eller at det ikkje eksistera.
 
Me blir felt i menneskerettdomstol? Er ikkje dette eit varskosignal i seg sjølv? For kva seier Gunnlova vår om menneskerettane? La meg repetere:
 
«Menneskerettighetene handler for eksempel om retten til liv og sikkerhet, frihet fra tortur, rett til privatliv, vern mot diskriminering, tanke og religionsfrihet, ytringsfrihet, rett til arbeid, helse og velferd.»

Støtter eit todelt barnevern

Samfunnet betala skatt for at dette skal gå attende til samfunnet. Det skal komme samfunnet tilgode. Ein veit aldri når i livet ein har behov for eit barnevern. Det kan skje alle og då må det fungere og alle skal få hjelpa som dei treng og fortjener. 
 
Eg er samd med Thune at me treng eit todelt barnevern. 
 
1. Eg deler synspunkt til Thune å gjere det kommunale barnevernet om til ein rein hjelpeinstans, og får reindyrka oppgåvene med å gi hjelp og støtte til familiane. 
 
2. Kva med å samle all makt og mynde i ei samansett kompetansegruppe? Som eit tverrfagleg fagteam som er samansett av politi, legar, psykologar og juristar? Då har ein samla kompetanse på ein stad og det kan også førebyggje at tenestemottakar blir ein kasteball i eit system? Og eg trur også dette er vegen å gå for å få trygge og forsvarlege tenester for dei som mottek hjelp og for dei som skal yte hjelp. 
 
Samfunnet treng dei som er kritiske til organiseringa av barnevernet. Det handlar om å bry seg. Samfunnet kjem ikkje vidare utan at egg blir knust. Knus egget. Tenk nytt og gjer samfunnet til innbyggjarane betre. 
 
Til toppen