NY SIGER: Jotun/Årdalstangen har feidd all motstand av bana så langt denne sesongen - laurdag var det Bjørn som fekk unngjelda. Her bilete frå siste kamp før jul mot Syril. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik

Knusande siger for årdalsdamene

Jotun/Årdalstangen tok sin åttande strake siger for sesongen då dei slo Bjørn med ni mål i Gaupne laurdag ettermiddag.

Bjørn - Jotun/Årdalstangen: 16-25

Luster/Årdal: – Det starta litt tregt, men så tok me meir og meir over. Ti minuttar ut i andre omgang var me oppe i ei timålsleiing og kunne kontrollera roleg inn, seier trenar Olafur Sveinsson.

Årdalsdamene ser ut til å ha brukt juleferien godt; bortesigeren mot Bjørn, som er plassert midt på tabellen i 4.divisjon avdeling 2 i region Vest, vart sesongens nest mest solide så langt - berre timålssigeren mot tabelljumbo Aurland i november var klarare.

– Til pause leia me 12-7. Vanja Thomassen Øren vart toppscorar med fem mål, fortel ein nøgd Sveinsson.

Les også: Sogndalstrenaren: – Bra Årdal har fått lag med spelarar frå bygda

Jotun/Årdalstangen toppar tabellen med 16 poeng av 16 moglege - Sogndal har også vunne alle sine kampar så langt i sesongen, men har spelt to færre.

Kampen som var sett opp mot Sogndal 2 søndag i Årdal er utsett. 

Til toppen