GODT START: Årdølene fekk ein god start på sesongen då dei utklasserte laget frå Førde. Biletet er henta frå kamp mot Syril i fjor. (Foto: Arkiv)

Knusande siger i første bortekamp

Årdølene sparte ikkje på kruttet då dei møtte Førde 2 søndag. 

Førde 2 - Jotun: 14 - 44

– Det er veldig godkjent for å vere første kampen, seier trenar for laget, Lene Høsøien. 

– Alle fekk spele og alle spelte ein god kamp, legg ho til. 

Høsøien har nylig tatt over som trenar for laget og synes sjølv alt har gått fint. 

– Alle på laget er så vande med kvarandre og vande til meg, så eg slepp eigentleg seie so mykje. Dei yngste me har med oss spelar òg veldig bra, fortel ho. 

Neste kamp for årdølene er på heimebane mot Sogndal.

– Eg har høyrt at sogndølene har mål om opprykk, så me må berre forvente at dei gjere alt dei klarar for å slå oss og me må gjere alt me klarar for å hindre det, seier ho. 

Til toppen