TENT PÅ Å NÅ LANGT: G15 på Årdalstangen IL gjer det dei kan får å nå så langt som råd under Dana Cup i Danmark. Foto: Ronny Rinde
TENT PÅ Å NÅ LANGT: G15 på Årdalstangen IL gjer det dei kan får å nå så langt som råd under Dana Cup i Danmark. Foto: Ronny Rinde

Knuste motstadaren - vidare til A-sluttspel

Men ikkje nok med det. Trur du ikkje G15 frå Årdalstangen IL har sikra seg plass i fredagens 8-delsfinale i Dana Cup.

Hjørring/Årdal: Onsdag kveld var det klart for siste kamp i pulja for G15 frå Årdalstangen IL (ÅTIL) under Dana Cup i Hjørring i Danmark. Årdølene gjorde det ikkje lett for det norske laget Gullhaug IL og segla inn til siger med stillinga 7-0. 

Les også: Glitrande start på fotballcup i Danmark

Vann pulja - feira med pizza og kvile

Etter tre innleiande kampar i pulja, spelte ÅTIL ein kamp uavgjort og sikra to sigrar. Heile 14 mål sette årdølene i nettet til motstandarane utan å sleppe inn nokon på eigen banehalvdel, noko som sikra dei siger i pulja. 

– Korleis er det å vera på cup?

– Det er god stemning, kjekt og sosialt. Det er ein fin gjeng med flotte ungdom, ein god heiaggjeng og me har flott vêr, fortel Ronny Rinde frå Hjørring. 

Artikkelen held fram under biletet

HEIAGJENG: Gutane frå Årdal har med seg ein gjeng på over ti personar. Her er nokre av dei på sidelinja under kampen mot Holmen IF torsdag.
HEIAGJENG: Gutane frå Årdal har med seg ein gjeng på over ti personar. Her er nokre av dei på sidelinja under kampen mot Holmen IF torsdag.

I gang med A-sluttspelet

Torsdag morgon var det dermed klart for 32-delsfinale mot Asker-laget Holmen IF.

Kampen starta jamn, men til pause hadde årdølene sikra 2-0. Joachim Furset sette første målet for ÅTIL, medan Simen Mannsverk sette inn andre målet på straffe. I andre omgang sette Holmen IF sitt første mål, medan tre minutt for slutt utlikna dei til stillinga 2-2. På overtid og fire sekund før sluttsignalet gjekk, sette Anders Lereng kroken på døra for Asker-laget då han sikra årdølene stillinga 3-2 og siger. 

Artikkelen held fram under biletet

KLART FOR AVSPARK: Torsdag morgon gjorde ÅTIL G15 seg klare til kampen mot Holmen IF frå Asker.
KLART FOR AVSPARK: Torsdag morgon gjorde ÅTIL G15 seg klare til kampen mot Holmen IF frå Asker.

Vinn eller forsvinn

Torsdag ettermiddag var det klart for 16-delsfinale mot laget Urædd FK frå Porsgrunn.  Men sjølv om laget heiler Urædd, måtte dei gi tapt for årdølene. Dei sikra seg plass i 8-delsfinalen fredag morgon med stillinga Urædd FK - Årdalstangen IL, 1-3. 

Rinde fotel at det er eit høgt nivå på laga som no står att. Då det no er vinn eller forsvinn på vegen fram mot finale, gjer at spelarane kjenner nervene.

– Det er tydeleg at spelarane er tent på å koma lengst mogleg i cupen. Dei er dispiplinerte, et rett og passar på å få den kvilen dei treng. Dei har scora mykje, i tillegg har forsvaret gjort fantastisk jobb, fortel Rinde.

Årdølene har med seg Alf Roger Lereng, Jan Rune Mannsverk og den tidlegare engelske fotballproffen Mark Falco til å leie laget.

Dana Cup er Danmarks største internasjonale fotballturnering for barn og ungdom, og går av stabelen frå tysdag 21. juli til laurdag 25. juli.

Resultata frå Dana Cup kan du følge med på her. 

Til toppen