FEKK PRIS: Lærar ved Årdal vidaregåande skule, Knut Bordal, vart torsdag overraska med prisen «Årets entreprenørskapslærar».
FEKK PRIS: Lærar ved Årdal vidaregåande skule, Knut Bordal, vart torsdag overraska med prisen «Årets entreprenørskapslærar». (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

FOLK

Knut er «Årets entreprenørskapslærar» i fylket: – Ei anerkjenning av arbeidet skulen har gjort

Torsdag kom Knut Bordal inn på lærarrommet på Årdal vidaregåande skule til ståande applaus. – Det kom heilt ut av det blå.

Årdal: Då fekk læraren ved den vidaregåande skulen ein storarta beskjed. Han var kåra til «Årets entreprenørskapslærar» i Sogn og Fjordane. Det er Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane som deler ut prisen.

– Eg visste ingenting på førehand. Dette kom heilt ut av det blå, seier Bordal til Porten.no.

I løpet av dei siste åra har ungdomsbedrifter ved skulen utmerka seg både regionalt og nasjonalt med gode idear. Bordal har hatt ei hand på verket for mange av desse ungdomsbedriftene. 

Viktig for lokalsamfunnet

På skulen har entreprenørskap blitt eit satsingsområde dei siste åra, og no byrjar ein å sjå effektane av det. Læraren, som presiserer at denne prisen deler han med mange fleire, kallar det ei anerkjenning av arbeidet skulen har gjort.

– Me har hatt fokus på entreprenørskap, spesielt på yrkesfag. Både TIP, elektro og service har jobba mykje med ungdomsbedrifter. Dei seinare åra har me fått meir struktur på ting. I år var tredje gangen eg deltok på NM med ei bedrift, seier han.

Porten.no har tidlegare skrive om suksesshistorier som SafeSound og ShoeSaver, men det er ikkje først og fremst det å vinna konkurransar som er viktig.

– Entreprenørskap er noko me skrik etter i Årdal. Det er viktig for samfunnet vårt. Me har alltid hatt ein god dialog med Årdal Utvikling, som har sponsa bedriftene og hjelpt oss. Me har eit samfunn som i stor grad består av passive lønsmottakarar. Då er det viktig at me får folk til å tenkja at dei sjølve skal etablera og driva noko.

Har betydning for skulen

Effektane ser ein også på elevane, spesielt for dei som kanskje er litt skuleleie. 

– Elevane lærer på ein heilt annan måte. Dei lærer ofte meir enn ein tenkjer. Dei skal sitja i styremøte, gå gjennom formelle registreringar, handtere kranglar og tore å ringja sentrale personar. Det er dei som styrer bedriftene, og det viser seg at mange finn noko dei er gode på. 

Til slutt skal ein heller ikkje gløyma kva dette kan bety for ein skule som tidlegare har vore truga av nedlegging. 

– Då er dette eit område me kan prøva å bli best på i fylket, slik at elevar frå andre stader vil koma til oss. Det er noko leiinga har jobba med, og det tykkjer eg er bra. 

Til toppen