ALLE TEK EIT TAK: Rektor Ivar Fykse står i eine enden av storsalen for å servere havregraut til svoltne elevar. Han tykkjer vennskapsveka er eit flott opplegg som famnar om alle 200 elevane. – Dei gler deg til skuledagen, seier han. Foto: Ina Eirin Eliassen

Knyter nye vennskap gjennom veka

Kring 200 svoltne magar står klare for å setje til livs over 30 liter med havregraut.

Vennskapsveke på Lærdalsøyri skule betyr mellom anna felles lunsj. Onsdag står havregraut, både med og utan gluten og laktose på menyen i storsalen. 

Sara Thomassen synest det er kjekt å vera med andre enn berre klassen sin, mens Birgitte Isdal Lindstrøm likar å møte på dei store. Anna Brooks, som også går i 4. klasse, synest det er kjekt å få nye venner. 

På same bord sit også førsteklassingen Signe Nundal Grøttebø. Ho tykkjer det er kjekkast å leika denne veka, mens kinoen "Operasjon Arktis", som ho såg saman med 1. til 3. klasse tysdag, var litt skummel. 

NØGD: Monica Hille tykkjer vennskapsveka styrkar både samholdet blant elevar og tilsette ved skulen. 
NØGD: Monica Hille tykkjer vennskapsveka styrkar både samholdet blant elevar og tilsette ved skulen. 

Første gong for heile skulen

Denne veka har Lærdalsøyri skule løyst opp timeplanen til elevane frå 1. til 10. klasse, der mesteparten av dagane går med til å gjera ting i fellesskap. Det er første gong heile skulen deltek i vennskapsveka. Dei to siste åra har det også vore arrangert vennskapsveke, men då berre for elevar på mellomtrinna. 

– Gjennom veka får elevane moglegheit til å knyte band på tvers av trinna. Dette handlar om å skapa relasjonar og å gjere ungane trygge på kvarandre. Eg er sikker på at me får att for dette i læringsmiljøet, seier Monica Hille, som er lærar og leiar for gruppa som har planlagt og organisert vennskapsveka ved skulen. 

SPELEROM: Utanfor storstova på Lærdalsøyri skule er det også laga til eit rom der elevane kan spele spel av ulike slag.
SPELEROM: Utanfor storstova på Lærdalsøyri skule er det også laga til eit rom der elevane kan spele spel av ulike slag.

Aktiv veke

Elevane har denne veka vore gjennom felles timar og aktivitetar som dans og avspenning. Dei har vore med å laga mat og har i tillegg som mål å helse på to nye personar kvar dag. Kinoen "Operasjon Arktis" har dei sett puljevis. Den vart sponsa av kommunen og spesielt vald fordi den handlar om å ta vare på kvarandre. 

Les meir om då 4. til 6. klasse hadde felles time om nettvett: Med vett på nett

Fredag skal elevane gå kulturstig for å bli betre kjent i bygda. Der skal dei løyse oppgåver undervegs, der dei eldre må hjelpe dei yngste. Så blir veka avslutta med grilling, leik og kos ved vatnet. 

SYKKELPRØVA: Fjerdeklassingane står klare til å sykle sykkelprøva med god hjelp frå åttandeklassingane.
SYKKELPRØVA: Fjerdeklassingane står klare til å sykle sykkelprøva med god hjelp frå åttandeklassingane.

Sykkelprøva

Etter lunsj onsdag gjer 4. klasse seg klare for å ta den store sykkelprøva. Politibetjent Åslaug Golf Kaardal har alt vore på skulen for å sjekka at syklane har mellom anna lys, ringeklokke, bremser og refleks.  

Fjerdeklassingane får dei god hjelp av åttandeklassingane under sykkelprøva. Per Gjesdal og Ole Kristian Voldum står klar med skjema og klokke for å setje i gang ein og ein elev. Ruta går ned til Ungdomshuset og fleire åttandeklassingar står rundt om å løypa for å passe på at alt går riktig føre seg. 

– Korleis er det å hjelpe til under sykkelprøva?

– Det er kjekt å gjere noko anna enn det me brukar, i tillegg til å bli kjent med folk me ikkje er så mykje med, seier Per. 

Ole Kristian fortel at aktivitetane gjennom vennskapsveka gir meir samhold og gjer det kjekkare å vera på skulen. 

FULL KONTROLL: Per Gjesdal (f.v) og Ole Kristian Voldum frå 8. klasse ved Lærdalsøyri skule står klar med skjema og klokke før dei sett ein og ein fjerdeklassing i gang med sykkelprøva.
FULL KONTROLL: Per Gjesdal (f.v) og Ole Kristian Voldum frå 8. klasse ved Lærdalsøyri skule står klar med skjema og klokke før dei sett ein og ein fjerdeklassing i gang med sykkelprøva.

Handlar om å ta vare på kvarandre

Hille sett pris på dugnadsanden og korleis dei tilsette har teke tak der det har vore behov for folk. Veka er arrangert med dei ressursane som finst på huset, lokale verksemder har sponsa mellom anna mat og blomar, mens Hille i tillegg har søkt om stønad frå fylkeskommunen.  

POSITIV: Øyvind Hamre, leiar av FAU ved Lærdalsøyri skule, meinar Vennskapsveka virkar positivt inn på læringsmiljøet.
POSITIV: Øyvind Hamre, leiar av FAU ved Lærdalsøyri skule, meinar Vennskapsveka virkar positivt inn på læringsmiljøet.

Øyvind Hamre, leiar av  Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) ved Lærdalsøyri skule fortel at etter første gongen med vennskapsveke for mellomtrinna ved skulen, rapporterte lærarane om at det vart rolegare i klassane og meir trivsel, noko som truleg har gitt positiv innvirkning på elevundersøkingane.

– Dette er jo tredje året med vennskapsveke og første gong det famnar om heile skulen, då er vel vennskapsveka å rekna som ein tradisjon, seier Hamre lurt til Hille. 

Hille fortel at skular har teke kontakt for å få opplegget for vennskapsveka på Lærdalsøyri. No som dei har ein plan å jobbe etter i tillegg til flinke folk på huset, ser ho ikkje bort ifrå at det kan blir ny vennskapsveke til neste år. 

Heimesida til Lærdalsøyri skule og meir informasjon om vennskapsveka finn du her

SKULEN: Lærdalsøyri skule har kring 200 elevar frå 1. til 10. klasse.
SKULEN: Lærdalsøyri skule har kring 200 elevar frå 1. til 10. klasse.
Til toppen