GØY: Victoria (f.v.) og Svanhildur frå Ljøsne skule tykkjer det har vore gøy å delta på venskapsveka, mellom anna fordi det har vore mange ungar å leikar med. Her er dei saman med Nila og Kristine frå Lærdalsøyri skule. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun
GØY: Victoria (f.v.) og Svanhildur frå Ljøsne skule tykkjer det har vore gøy å delta på venskapsveka, mellom anna fordi det har vore mange ungar å leikar med. Her er dei saman med Nila og Kristine frå Lærdalsøyri skule. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun

Knytte sterkare band under venskapsveka

Heile veka har godt venskap elevane mellom stått i fokus på Lærdalsøyri skule. Avslutningsdagen var også elevane frå Ljøsne med for å bli betre kjende med sine nye klasse- og skulevener.

Lærdal: - Det er veldig gøy å bli kjend med andre og å løysa oppgåvene på postane, seier Svanhildur Inga Sigurdardottir.

- Me kjenner mange av elevane her nede frå før, men ikkje alle. Så det har vore gøy å bli kjende med dei me skal gå i klasse med, seier Victoria Helland.

Dei går begge på Ljøsne skule, men frå hausten av flyttar alle elevane på Ljøsne ned på Lærdalsøyri skule.

Difor deltok alle elevane frå heile Lærdal, også dei frå Borgund skule, på venskapsveka på Lærdalsøyri då den gjekk av stabelen denne veka.

- Det har vore veldig gøy fordi det er så mange andre ungar å leika med her, seier Svanhildur.

- Og det er mykje å finna på. Skulen er større, og dei har ein del ting me ikkje har, legg Victoria til.

Artikkelen held fram under biletet

AKTIVITETAR: 300 elevar i heile kommunen var med på meir og mindre organiserte aktivitetar avslutningsdagen av venskapsveka.
AKTIVITETAR: 300 elevar i heile kommunen var med på meir og mindre organiserte aktivitetar avslutningsdagen av venskapsveka.

Arrangert for tredje gong

Dei to jentene og alle dei andre elevane har på avslutningsdagen av venskapsveka delteke på ein litteratursti. 

- I dag var den artigaste dagen, seier Sindre Bentås, som går på undomsskulen på Øyri.

- Kva får de spørsmål om?

- Bøker og forfattarar, men også andre spørsmål og oppgåver, mellom anna kor mange hus som brann ned under storbrannen, seier Halvar Brugrand i 9. klasse.

- Gjekk det bra?

- Heilt greitt, tykkjer Sindre.

Venskapsveka ved Lærdalsøyri skule blir arrangert for tredje gong; første året var det berre for mellomsteget, så har arrangementet vorte utvida, fortel Monica Hille, som har vore leiar for venskapsvekegruppa.

- Andre gongen var heile skulen med og no er altså alle elevane i heile kommunen med denne siste dagen.

Artikkelen held fram under biletet

VENSKAP: Eldre og yngre elevar er i lag i grupper og om aktivitetar i venskapsveka; poenget er å knyta nye og sterke venskapsband elevane mellom.
VENSKAP: Eldre og yngre elevar er i lag i grupper og om aktivitetar i venskapsveka; poenget er å knyta nye og sterke venskapsband elevane mellom.

Elevane har pynta opp sin eigen skule

Ho fortel dei tilsette ved skulen har gjort ein stor innsats for å få til arrangementet; mykje logistikk skal gå opp og mange praktiske ting må ordnast når fleire hundre elevar skal organiserast i grupper og driva med aktivitetar fire dagar til endes.

- Alle lærarane ved skulen har teke veldig stort ansvar, for det har vore litt av eit opplegg. Dei tre første dagane måla me venskapsbenker og gjerdet på skulen; der gjekk det forresten med tjue liter måling. Me har måla motiv på veggene på skulen og sykkelstativa.

- Dei har også  hatt nettvit; korleis dei skal oppføra seg mot kvarandre på nettet. Dei har hatt legodakta; billøp med det dei har bygd av lego. Dei har hatt dans og musikk, puslespel og spel. 

Dei ulike gruppene med elevar har møttest til nye aktivitetar veka gjennom.

- Slik at dei alltid har møtt nye elevar. Det har handla om å vera vener, finna seg nye vener og vera greia med kvarandre. Me har hatt felles lunsj kvar dag med fiskegrateng, betasuppe og havregraut med bringebær frå Lærdal; lunsj som lærarane har laga.

Artikkelen held fram under biletet

PYNTA OPP: Elevane har pynta opp eigen skule, mellom anna ved å måla logoen for venskapsveka på ein av veggene. 
PYNTA OPP: Elevane har pynta opp eigen skule, mellom anna ved å måla logoen for venskapsveka på ein av veggene. 

- Meir og meir viktig med fokus på venskap

Hille fortel lag og organisasjonar, pluss det lokale næringslivet har vore med å sponsa eit opplegg som blir meir og meir relevant i tida.

- Eg trur det blir meir og meir viktig å ha fokus på at dei skal vera greie med og trygge på kvarandre.

- Ser ein effektar?

- Elevane gler seg voldsamt. Og i år har det vore slik at tiande klasse ikkje har vore heilt med, og då sa niande at neste år vil me vera meir med, og me vil koma med idear til kva me kan gjera. Og eg trur det at elevane får vera med og fiksa opp skulen gjer at dei knyter band, pluss at det gjer noko med trivselen her.

Helsesøster Sari Kumpula har vore med heile veka, og er imponert over kor godt arrangementet har glidd.

- Det har vore orden og struktur heile vegen. Og eit slikt arrangement er bra for tverrfagleg samarbeid.

Artikkelen held fram under biletet

TVERRFAGLEG: Helsesøstrene Sari Kumpula og Marianne Øren grillar pølser saman med venskapsvekegruppeleiar og lærar Monica Hille. - Eit slikt arrangement er bra for tverrfagleg samarbeid, seier Kumpula.
TVERRFAGLEG: Helsesøstrene Sari Kumpula og Marianne Øren grillar pølser saman med venskapsvekegruppeleiar og lærar Monica Hille. - Eit slikt arrangement er bra for tverrfagleg samarbeid, seier Kumpula.

Jobbar med å få til Dans utan grenser i Lærdal

Helsetenesta har også bidrege med dansekurs, som vart halde av Dans utan grenser i Årdal.

- Alle elevane var inviterte til kveldskurset og veldig mange møtte opp. Me jobbar med å få til Dans utan grenser i Lærdal også etter kvart, seier Kumpula.

På avslutningsdagen grilla også lærarane pølser til den store gullmedalje; 630 pølser har gått på grillen, inn i lomper og brød og ned i svoltne borne- og ungdomsmagar.

Ja, nokre har vore svært svoltne.

- Eg har ete seks, seier Svanhildur Inga Sigurdardottir.

- Eg har ete sju, seier Halvar Brugrand.

- Og det var berre lov å eta to, påpeikar Sindre Bentås.

- Du fekk ikkje med det det?

- Nei då, seier Halvar lurt.

Til toppen