STOLTE BORN: Det var stor stas å køyre brannbil då brannvesenet i Lærdal sette brannvern i fokus under haustmarknaden i Lærdal laurdag føremiddag. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
STOLTE BORN: Det var stor stas å køyre brannbil då brannvesenet i Lærdal sette brannvern i fokus under haustmarknaden i Lærdal laurdag føremiddag. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

– Kø når me kjem

Å få lov til å sitte på i ein brannbil er stor stas for borna, og laurdag formiddag hadde brannvesenet i Lærdal storstilt aksjon for å auke merksemda kring brannsikring.

Køen av born var stor då brannbilane kom til informasjonsplassen ved kanalen i Lærdal laurdag føremiddag. Borna stod klare for å få ein køyretur med ein ekte brannbil som attpåtil slo på sirena undervegs på turen. 

BRANNMANN: Ein brannmann er alltid på vakt, sjølv om ein er sivil. Guttorm Gullaksen er stolt over å kunne syne fram det lokale brannvesenet i Lærdal.
BRANNMANN: Ein brannmann er alltid på vakt, sjølv om ein er sivil. Guttorm Gullaksen er stolt over å kunne syne fram det lokale brannvesenet i Lærdal.

– Det er kø når me kjem, og grining når me reiser, seier brannmeister i Lærdal, Guttorm Gullaksen. 

Rettar seg mot borna

Å tilby borna juice, brannhjelmar og ein køyretur i brannbilen, er alle medvitne tiltak retta mot borna. 

– Born er veldig flinke til å følgje opp, og kan dytte i gang foreldra for å sjekke at alt er korrekt med brannsikringa i heimen, seier Gullaksen.

Med seg heim fekk dei ei brosjyre som går på brannsikring i huset. Der vert borna oppmoda til å ha brannøving heime, og brosjyren gjev tips om å avtale møtestad utanfor bustaden, testa ut rømningsvegar og røykvarslarar. 

Tilfeldig

TILFELDIG: Det var bra det vart tissepause i Lærdal for hytteeigarane i Hemsedal, for å køyre brannbil var veldig spennande. Her ventar Elenora (6) og Terese (3) på brannbilen.
TILFELDIG: Det var bra det vart tissepause i Lærdal for hytteeigarane i Hemsedal, for å køyre brannbil var veldig spennande. Her ventar Elenora (6) og Terese (3) på brannbilen.

Det var heilt tilfeldig at Anncheri Trulsen, Jan Sundve og borna Elenora (6) og Terese (3) hamna i Lærdal denne dagen. Dei bur til vanleg utanfor Oslo, og er på hytta i Hemsedal denne helga. 

– Me ville køyre oss ein tur for å sjå oss rundt på Vestlandet, og måtte tilfeldigvis stoppe i Lærdal på grunn av ein tissepause, ler Trulsen. 

Då dei såg folkemengda framfor brannbilane, verka det så interessant at dei måtte sjekke det ut. Mor til Trulsen gjekk inn til marknadsområdet, og var henrykt då ho kom attende for å fortelje om alt ho hadde sett.

VATN: Anna tykkjer at brannbilar er kulast når dei spylar vatn.
VATN: Anna tykkjer at brannbilar er kulast når dei spylar vatn.

Anna U. Gram (6) gleda seg også til å køyre brannbil denne laurdagen, og var frå før klar over kva ein skal gjere om brannalarmen går.

– Då skal ein springe ut av huset med ein gong, seier ho. 

Landsomfattande

Brannvesenet i Lærdal utsette deira bidrag i informasjonskampanjen slik at det passa inn med haustmarknaden. 

Brannvernveka går eigentleg av stabelen i veke 38, og denne dagen vert born invitert med inn på brannstasjonar, i brannbilar og får lære meir om kva ein brannmann jobbar med. 

Kampanjen arrangerast årleg av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og If Skadeforsikring, saman med brannvesen og el-tilsyn over heile landet. Hovudtemaet er brannøving, og arrangørane ynskjer at kampanjen skal bidra til hyppigare øvingar både heime og i offentlege bygg.

Til toppen