Lærdal: – Det som har skjedd er nok at mora har lagd ungen frå seg, som dei gjerne gjer. Så har det vorte folksamt i småbåthamna, og då torer ikkje mora å koma tilbake, seier naturoppsyn Rein-Arne Golf i SNO (Statens Naturoppsyn).
Mange fekk eit glimt av kobbeungen onsdag føremiddag. Sjølv om den søte, vesle krabaten vart populær, er ein stranda kobbeunge både eit dilemma og ei potensiell bakteriebombe.
– Folk bør ikkje ta i den. Rundt munnen kan ein kobbeunga ha bakteriar som er uheldige for folk å koma i kontakt med, fortel Golf.

Kan måtte flytta kobben
Dilemmaet er kva som var beste tiltak for å få ungen i hop med mora att. Golf tok kontakt med Akvariet i Bergen for å rådføra seg.
– Me fekk jaga litt på ungen så den symde ut att. Men den var ikkje sky og kan fort koma tilbake. Då kan eit alternativ bli å flytta den lenger utover, forbi Lærdal hotell. Der er det mindre folk så mora kanskje torer å ta ungen med seg att.
– Kor stor er krabaten?
– Det er vanskeleg å seia nøyaktig, men den er nok berre nokre veker gamal og dier mora så den er heilt avhengig av henne. Ungen lagar også nokre lydar som den prøver å kalla på mora med.