POLITIKARAR HAR LOV Å YTRA SEG: Redaktør Halvor F. Storvik i Porten.no oppsummerer kva han meiner om kontroversane i kjølvatnet av det oppheita kommunestyremøtet i Sogndal sist torsdag.
meiningar
POLITIKARAR HAR LOV Å YTRA SEG: Redaktør Halvor F. Storvik i Porten.no oppsummerer kva han meiner om kontroversane i kjølvatnet av det oppheita kommunestyremøtet i Sogndal sist torsdag.
meiningar

– Køddar du med ytringsfridomen, så køddar du med meg!

– Det er ikkje berre eit urettvist åtak på opposisjonen, men på vår viktigaste demokratiske rett, skriv redaktør Halvor F. Storvik i denne kommentaren.

Kommentar: Reaksjonane mot opposisjonen i Sogndal etter sist kommunestyremøte har vore sterke.

Møtet har blitt kalla ein skam. Ordføraren har sagt at han vurderte å heva det, Ap-gruppa at dei vurderte å gå. Ap-nestor Clara Øberg meiner opposisjonen dreiv med direkte mobbing av rådmannen. Tor Yttri, tidlegare fotograf og journalist, går eit lite steg lenger, og kallar det både mobbing og trakassering i eit lesarinnlegg i Sogn Avis.

Ein anonym varslar, visstnok tilsett i kommunen, meiner framferda til politikarane er helseskadeleg, men tør ikkje stå fram av frykt for gjengjelding.

SYNDARANE: Desse fire har gjort seg skuldige i å seia kva dei meiner og stilla tøffe spørsmål frå talarstolen i Sogndal kommunestyre. Det har skapt rabalder. Frå venstre: Arne Glenn Flåten (H), Rita Navarsete (Frp), Arnt Hovland Munthe (H) og Karin Vikane. Foto: Montasje

Så kva går denne helseskadelege mobbinga ut på? 

Den kvassaste formuleringa i løpet av heile møtet var det Arne Glenn Flåten (H) som stod for. Eg ber dei sarte sjå vekk, for her kjem det han sa, usensurert:

– Me føler me blir villeia, på så enkle ting av og til, at me føler det er med vilje.

Eit tøft utsagn, absolutt. Men viss Flåten meiner rådmannen serverer usanningar, kor mykje mjukare kan han seia det? Då blir spørsmålet om han skal få lov til å meina noko slikt. Svaret bør vera innlysande for alle.

Det opposisjonen gjorde resten av spørjetimen kan enkelt oppsummerast: Dei stilte rådmannen tøffe spørsmål. Å kalla dette mobbing er ikkje berre eit urettvist åtak på opposisjonen, men på sjølve ytringsfridomen.

Det inntrykket vert forsterka av dei mange røystene i etterkant som meiner ordføraren burde ha klubba ned dei som ytra seg. At politikarar og pressefolk står bak desse åtaka er absurd å vera vitne til. Dei av alle burde vita betre.

Her passar det å sitera den kommunale handboka om ytringsfridom og varsling: «Kjerna i ytringsfridomen er å verna om ytringar i det offentlege ordskiftet, sjølv om synspunkta skulle avvika frå det mange andre meiner er sosialt akseptabelt.»

Det opposisjonen gjorde førre torsdag liknar altså mistenkeleg på definisjonen av ytringsfridom. 

Me som jobbar i media skal vera varsame med å velja side i konkrete saker. Her er valet derimot enkelt:

Køddar du med ytringsfridomen, så køddar du med meg!

Til toppen