Frå venstre nestleiaren Tonje Norheim Tangerud, den nye leiaren Øyvind Heimset Larsen, Therese Flæte Blomberg, Bente Mossige Ask og Joakim Lærum. Bak tronar Sindre Myrvang på skjerm frå Oslo – styremedlem han også. I tillegg var ikkje Kim Andre Molland til stades.

Kokarbui skal bli Saftkokaradn sin nye tilhaldsplass. Ny leiar er også på plass

Vidar Vadset har vore leiar sidan 2011. No er det derimot på tide å gi seg.

Det melder klubben på sine eigne sider

 Det nye lokalet skal ifølgje Sogndal fotball gjere at Saftkokaradn igjen er godt synelege i bylivet.

Den skal liggje mellom elektrokjeda Power og biblioteket på Amfi i sentrum av Sogndal.

— Me er takksame for at Amfi har skaffa oss nye lokale. Då får me ein samlingsplass, og dette blir ein viktig plass med tanke på å rekruttera nye medlemer, seier nestleiar Tonje Norheim Tangerud i Saftkoradn, til nettsida. 

Takkar for seg

Men det er ikkje berre bui som er ny. Vidar Vadset har gitt seg som leiar i supporterklubben. Øyvind Heimset Larsen tar over.

– Det skal gå greitt «å hoppa etter Vidar Vadset». Han er med oss vidare, og han er framleis supporterleiar på nasjonalt nivå. Dessutan har me eit styre med god erfaring, seier Øyvind til Sogndal fotball. 

Allereie måndag kveld var styret i Saftkokardn på plass i ny-bui for å sjå thrilleren av ein bortekamp mot tabell-leiaren Tromsø. 

Kvar bortekamp vil bli spelt av på storskjerm her. Koronapandemien set ein stoppar for bortereiser for supportergjengen.

Til toppen