(Foto: Arkiv)

Kokepåbod etter vasslekkasje på Kaupanger

Onsdag oppstod det ei vasslekkasje i Amlabukti på Kaupanger i  Sogndal.

Sogndal: Kommunen stengte vassforsyninga frå bedehuset og ned mot Amlabukti. Alle hus som er knytt til den kommunale vassforsyninga i området vart råka av stenginga. 

Onsdag ettermiddag opplyste kommunen at vasslekkasjen var funne og at entreprenørane jobba kontinuerleg med å reparera lekkasjen.

Omlag klokka 17 var vatnet kopla til att. 

– No har vatnet vorte skrudd på i omlag 20 minutt. Alle dei råka har fått tilbake vatnet og me har sendt ut sms om kokepåbod til dei som ligg nedstraums den ledninga, seier Kristian Karlsen, tenesteleiar for kommunalteknikk i Sogndal kommune.

Vart du råka av vasslekkasjen? Send til tips@porten.no eller tlf: 908 15 045. 

Nabo varsla om lekkasje

Karlsen seier ein nabo av det aktuelle vassledninga, varsla om lekkasjen. Kommunen trudde først at det var lekkasje på ein avløpsledning, men det viste seg å vera vasslekkasje. 

Det var ein relativt liten lekkasje, seier han. 

– Når fekk de melding om lekkasjen? 

– Me fekk melding om vasslekkasjen torsdag eller fredag. Me starta arbeidet i dag, seier han. 

Til toppen