MYKJE MAT: Kokkane Rami Mouna og Nidaa Ygunes (i midten) stod bak dei enorme mengdane mat som vart servert på kulturkafeen på laurdag. Dessverre vart det mykje mat til overs på grunn av lite oppmøte. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
MYKJE MAT: Kokkane Rami Mouna og Nidaa Ygunes (i midten) stod bak dei enorme mengdane mat som vart servert på kulturkafeen på laurdag. Dessverre vart det mykje mat til overs på grunn av lite oppmøte. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Kokkelerte for regnskogen

Parat med syrisk mat til 200 personar, stod ein gjeng frå Årdal Mottakssenter klare for å ta i mot svoltne årdøler på laurdag.

Årdal: Rami Mouna og Nidaa Ygunes frå Syria var kokkane bak dei enorme mengdane mat til kulturkafeen i klubbhuset til Jotun. Tradisjonen med kulturkafè der inntektene går uavkorta til årets tv-aksjon vart starta opp i fjor. I år går inntektene til Regnskogfondet som jobbar for å bevare regnskogen.

Med fjorårets inntekter i minnet, vart det laga mat til fleire hundre personar til årets kafè. 

– Me byrja tidleg på fredag morgon, og brukte 16 timar på å lage all maten, seier Ygunes.

Annleis

Både tillaging og ingrediensar i syrisk mat er ganske annleis frå norsk mat. Tolken Sam Alaya fortel at både grønsaker og kjøtt vert tilberedt forskjellig, og at syrarar ofte anrettar maten gjennom fleire prosessar.

– Her i Noreg kokar de berre grønsakene i vatn, seier han.

Han seier også at Noreg manglar 90 prosent av dei ingrediensane syrisk mat opphaveleg inneheld. Dei har funne gode erstatningsprodukt i butikkane i Årdal, men han gjev inntrykk av at dei gjerne skulle hatt dei opprinnelege ingrediensane. 

– Det gjeld både krydder, smakar og ulike ristypar. I Syria har me blant anna ein ris som me nyttar til å bake med.

Labert oppmøte

Det vart ikkje den oppslutningen som arrangørane håpte på denne laurdagen. 

– Det kom altfor lite folk. Kva det skuldast, veit eg ikkje, men me skulle kanskje annonsert annleis, seier Henrik Rønningen, som har hatt det overordna ansvaret for kafeen. 

Men dei som møtte opp, ga uttrykk for at dei likte maten. Det vart servert både middagsrettar og kaker denne laurdagen. 

Artikkelen held fram under biletet.

Gjester på kulturkafeen som var i regi av Årdal Mottakssenter.
GOD SMAK: Dei syriske rettane fall i smak hjå store og små, og Rebecca Torgersen Fresvik (1) syns godt om sjokoladekaka. Her på fanget til oldemor Torunn Dolmen.
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

I fjor tjente dei inn omlag 12.000 kroner til TV-aksjonen, og arrangørane vart skuffa over det dårlege oppmøtet. I år fekk dei inn 2.100 kroner som då går til arbeidet med regnskogen.

Innsamling

Både Sam Alaya frå Syria og Jonas Asefa frå Eritrea engasjerar seg i det som skjer i regnskogen, og håpar inderleg at det vert ein stopp i øydeleggelsane av skogen. 

Artikkelen held fram under biletet.

ENGASJERT: Jonas Asefa (t.v) og Sam Alaya engasjerar seg i tematikken kring regnskogen, og er opptekne av å bevara og bygge den opp att.
ENGASJERT: Jonas Asefa (t.v) og Sam Alaya engasjerar seg i tematikken kring regnskogen, og er opptekne av å bevara og bygge den opp att.

Dei er veldig glad for å kunne bidra til innsamlinga ved å arrangere kulturkafeen, og samstundes syne fram mat som for nordmenn vert sett på som eksotisk. 

Kva tykkjer de om at Noreg samlar inn pengar på denne måten?

– Det er ein god idè. Det kostar mykje å bygge opp att regnskogen.

Asefa påpeikar at krig er ein av årsakene til øydeleggelsane i regnskogområda. Han håpar at dei innsamla pengane ikkje på nokon måte kjem i hendene til dei som styrer i Eritrea. 

– Då blir pengane brukt på våpen. 

Til toppen