ULUKKE: Buss og personbil kolliderte i Luster.
ULUKKE: Buss og personbil kolliderte i Luster. (Foto: Skjermdump/Google Maps)

Vegen open att etter at buss og bil kolliderte i Luster

Bortsett frå at personbilføraren var noko sjokka, er det ikkje opplyst om personskadar. 

Luster: Klokka 16:26 fekk politiet melding om kollisjon mellom buss og personbil på Heggmyrane i Luster.

– Kun førar i personbil. Tre personar i bussen. Ikkje opplyst personskade. Bilførar noko i sjokk, skriv politiet på Twitter klokka 16:47.

Personbilen vart ståande på tvers og sperra for ferdsel etter ulukka, og det danna seg noko kø på staden. Airbagen i bilen vart utløyst. Årsaka til hendinga er ikkje kjend. Fartsgrensa på staden er 80 kilometer i timen.

Klokka 17:40 melde vegtrafikksentralen at bussen var køyrd vekk og personbilen henta.

– Trafikk er open for normal ferdsel, skriv dei.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til «907 03 711» eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen