KRAFTIG TRYKK: Den grå bilen fekk smadra fronten, medan den kvite vart bulka bak til venstre.
KRAFTIG TRYKK: Den grå bilen fekk smadra fronten, medan den kvite vart bulka bak til venstre.

Kollisjon ved rundkøyring i Sogndal

Tre personar involverte.

Sogndal: To bilar kolliderte tysdag like ved rundkøyringa kor ein kan ta av mot Fjærland, melder Vest politidistrikt på Twitter.

KOLLISJON: Det er like ved denne rundkøyringa kollisjonen har skjedd. Bilde: Google Maps

Tre personar var involverte, og alle kom seg ut av bilane etter ulukka. Ein opplyste å ha smerter i ryggen. Naudetatane rykka ut til staden. 

– Det var påkøyrsel bakfrå. Bilberging er bestilt for den eine bilen. Elles er det ikkje meldt om alvorlege personskadar, opplyste operasjonssentralen like etter hendinga. 

Tips eller bilete? Kontakt 97546895 eller tips@porten.no

Til toppen