ULUKKE: For andre gong denne veka har det vore ulukke på Hydro i Årdal. Ulukka fredag skjedde i Øvre Årdal. Arkivfoto
ULUKKE: For andre gong denne veka har det vore ulukke på Hydro i Årdal. Ulukka fredag skjedde i Øvre Årdal. Arkivfoto (Foto: Hydro Aluminium Årdal)

Kollisjon inne i ein av hallane – den skadde flydd til Førde

Ulukke ved Hydro i Årdal.

Årdal: Politiet melder på Twitter at ein person er påkøyrt på Hydro sitt område i Øvre Årdal. Det skal gå bra med pasienten.

– Meir enn det veit eg ikkje. Me har patrulje på staden, så eg må få koma attende når me veit meir, opplyser operasjonssentralen til Porten.no.

Det er andre gongen på under to døgn at det er ei arbeidsrelatert ulukke på Hydro i Årdal.

Les også: Mann i 20-åra alvorleg skadd etter arbeidsulykke på Hydro

Hydro sjølve opplyser til Porten.no at dei vil koma attende  så snart dei har fått stadfesta informasjon om hendinga.

Oppdatering klokka 1830: Politiet twitrar at ulukka skjedde i ein hall, og at det er snakk om påkøyrsle av ei arbeidsmaskin. Den skadde er flydd til Førde sentralsjukehus, heiter det vidare i meldinga.

Informasjonsdirektør ved Norsk Hydro, Halvor Molland, fortel han har fått informasjon om følgjande:

– To køyretøy var involvert og det er snakk om lettare personskade på den eine. Vedkomande er frakta til Førde for ein sjekk. Hydro vil jobba vidare med å kartleggja årsakssamanheng.

Til toppen