KOLONNEKØYRING HEILE VEGEN: Fram til påske blir kolonnekøyring gjennom heile Lærdalstunnelen, opplyser Statens vegvesen. Foto: Kjell Wold/Statens vegvesen.
KOLONNEKØYRING HEILE VEGEN: Fram til påske blir kolonnekøyring gjennom heile Lærdalstunnelen, opplyser Statens vegvesen. Foto: Kjell Wold/Statens vegvesen.

Kolonnekøyring fram til påske

Frå måndag neste veka startar arbeidet på styringssystemet i Lærdalstunnelen.

Lærdal: Viktige delar av tryggleiksrustinga i tunnelen vil vere vekke i perioden dette arbeidet pågår. Difor blir det kolonnekøyring fram mot påske.

Sidan seinhausten i fjor har det pågått eit ombyggingsarbeid av styringssystemet i verdas lengste tunnel. Innmaten i naudskåpa er bytta ut, og det er montert kamera i tunnelen, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

På grunn av arbeidet har det vore nedsett fartsgrense i tunnelen og kolonnekøyring på nokre strekningar. 

– Nokre viktige delar av tryggleiksutrustinga i tunnelen vert no redusert, og difor blir det kolonnekøyring gjennom heile tunnelen, heile døgnet, alle dagar i veka. På denne måten vil me redusere risikoen for ei ulukke i tunnelen, forklarer byggeleiar Jens-Ivar Nilsen i Statens vegvesen. 

Fire avgangar i timen

Mellom 06.30 og 23.00 kjem det til å vere fire kolonner i timen med avgang frå kvar side. Avgangane er kvar heile time, kvart over, kvar halve time og kvart på. På nattestid vil avgangane gå kvar heile og halve time, og kolonna kjem til å halde ein fart på 70 kilometer i timen.

Det meste av jobben i Lærdalstunnelen vil skje i tavleromma. Kanskje er det nokon som har stilt spørsmål ved at fartsgrensa er sett ned i ein tunnel eller eit arbeidsområde der det tilsynelatande ikkje er arbeid.

– Ein moderne vegtunnel er veldig avansert med tanke på styring og overvaking, og alle desse systema skal sikre tryggleiken til dei vegfarande. Når arbeid skal gjerast i tunnelen, er det ikkje alltid arbeidet er synleg for trafikantane, mykje skjer i kontrollromma og i naudskåpa, seier Nilsen. 

Fri ferdsel i påska

Han seier vidare at dei vil unngå kolonnekøyring i påsketrafikken og tek difor sikte på å vera ferdig med den største delen av jobben innan påske. Då blir det fri ferdsel, men fartsgrensa framleis den same. 

Etter påske blir det igjen periodevis med kolonnekøyring. Då skal resten av funksjonane overførast til det nye styringssystemet, og systemet testast grundig. Dette er ein omfattande jobb med tanke på kor lang Lærdalstunnelen er, og kor mykje utstyr den inneheld. 

Til toppen