KOLONNE: Her må du køyra i kolonne onsdag, det er uvisst kor lang tid det vil ta før tunnelen er open att for normal trafikk. Foto: Google maps
KOLONNE: Her må du køyra i kolonne onsdag, det er uvisst kor lang tid det vil ta før tunnelen er open att for normal trafikk. Foto: Google maps

Kolonnekøyring i Gudvangatunnelen

Brot på ein fiberkabel gjer at naudnettet er ute og då går all trafikk i kolonne

Aurland: Vegtrafikksentralen Vest twitra tidleg onsdag morgon at det er kolonnekøyring i Gudvangatunnelen utover dagen onsdag grunna kommunikasjonsbrot 

Bygningsleiar Sverre Måge i Statens vegvesen fortel til NRK at naudnettet er ute grunna brot på ein fiberkabel og at dei ikkje veit kor lenge trafikken vil gå i kolonne:

– Det er store krav til reparasjon av fiberkablar. Dei må sveisast, og det er ikkje gjort i ei handvending, seier han. Det kan fort bli kolonnekøyring ei god stund utover dagen.

Til toppen