KOLONNEKØYRING: Styringssystemet i Lærdalstunnelen skal byggjast om. Difor vert det kolonnekøyring her fram til jul, melder Statens vegvesen. Foto: Arkiv.
KOLONNEKØYRING: Styringssystemet i Lærdalstunnelen skal byggjast om. Difor vert det kolonnekøyring her fram til jul, melder Statens vegvesen. Foto: Arkiv.

Kolonnekøyring i Lærdalstunnelen før jul

Folk som skal køyra gjennom Lærdalstunnelen før jul bør rekna ekstra god tid. Grunnen er at styringssystemet i den lengste tunnelen i verda skal byggjast om.

Lærdal: Arbeidet betyr at trafikantane må bu seg på kolonnekøyring i delar av tunnelen og nedsett fart.

– Fram til jul blir det kolonnekøyring gjennom delar av tunnelen frå måndag morgon til laurdag ettermiddag, og fartsgrensa blir sett ned på denne strekninga, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

Ombygginga skal mellom anna føra til at Lærdalstunnelen får kameraovervaking og nye telefonar i naudskåpa.

Arbeidet blir delt opp i etappar på seks kilometer om gongen. Utbetringa av den første etappen tek til måndag 30. november og skal vera ferdig før jul. Deretter tek Vegvesenet ein pause i arbeidet før dei startar opp att litt ut i januar.

For kvar etappe blir delar av tryggleiksutrustinga i tunnelen kopla ut. Det inneber at alarmen i nødsskåpa og automatisk stenging og start av brannventilasjonen vil vera ute av drift.

Vegvesenet strekar likevel under at resten av tryggingsutstyret vil fungera som normalt. (©NPK)

Til toppen