SNØTUNNEL: For ei tid sidan hadde «Årdal & Lærdal Avis» eit gamalt bilete som var teke inne i ein snøtunnel på gamlevegen mellom 1000-meteren og Sletterust. Vi kan her syna kvar denne tunnellen låg. Det var ved innslag 23 omlag 1,5 kilometer frå 1000-meteren. Biletet er teke av Mittet og må vera frå 1920-åra. (Biletet utlånt av Bjørn Lindland).
SNØTUNNEL: For ei tid sidan hadde «Årdal & Lærdal Avis» eit gamalt bilete som var teke inne i ein snøtunnel på gamlevegen mellom 1000-meteren og Sletterust. Vi kan her syna kvar denne tunnellen låg. Det var ved innslag 23 omlag 1,5 kilometer frå 1000-meteren. Biletet er teke av Mittet og må vera frå 1920-åra. (Biletet utlånt av Bjørn Lindland). (Foto: Mittet & Co)

Dramatisk biltur til Tyin hotel 2. påskedag 1946

Saka er fyrste gong publisert i mai-utgåva av «Årdal før og no», 1999.

  • Artikkelen er først publisert i Årdal før og no, ei medlemsavis hjå Årdal Sogelag. Teksten er publisert på Porten.no etter avtale med styret i Årdal Sogelag.

Årdal: Dette er ting som det har vore snakka og skrive mykje om gjennom mange år. Kjenner vi nokre av eldsjelene rett, så er nok ikkje siste ordet sett på trykk. 

I «Tidsskrift for Valdres Historielag» - Årbok 1971, kan vi lesa om at Filefjellsvegen var stengd åtte månader i året i tida før krigen. Det var A/S Jotunheimen & Valdresruten Bilselskap som tidleg såg kor viktig det var med eit heilårs samband over til Vestlandet. Med felles innsats frå selskapet og Vegvesenet, lukkast det etter mange vanskar å halda Filefjellsvegen farbar for vintertrafikk fyrste gong i 1936. 

Avisene var den gongen svært interesserte i om det ville vera mogeleg å halda høgfjellet farbart om vinteren. 

Ei Oslo-avis skreiv m.a.: «Hvis noen for 10 år siden hadde kommet og påstått at det gikk an å holde åpen bilveg over en av de hårdeste fjelloverganger vi har i landet, ville vedkommende øyeblikkelig blitt innregistrert blant de mindre vel bevarte»

Vegen opp til Tyin frå krysset vart fyrste gongen brøyta til påsken 1938. Før denne tid hadde det vore nytta hestetransport fram til Tyin Hotell for påskegjestene. 

Eit vågalt eksperiment vart gjort før påsken i 1946. Då vart det brøyta veg over isen på Tyin heilt fram til Tyinholmen. Tyin var jo regulert, men kraftproduksjonen var beskjeden då aluminiumproduksjonen ikkje var komen i gang. Isen var ikkje like sikker overalt, men det gjekk heldigvis bra. 

Eit anna problem var at isvegen fauk att og det stod ei mengd bilar ute på isen ved Tyinholmen. Vegen vart brøytt opp att, og alle bilane med passasjerar kom velberga fram til Tyin Hotell 2. påskedag. 

Til toppen