STENGT: Fylkesveg 50 er stengt torsdag morgon på grunn av vanskelege køyreforhold. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
STENGT: Fylkesveg 50 er stengt torsdag morgon på grunn av vanskelege køyreforhold. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet, Hol-Aurland​ stengt

Det dårlege vêret set sitt preg på fjellovergangane torsdag. 

Lærdal/Aurland/Årdal:  Vegtrafikksentralen vest twitrar rett før klokka 14 at det er innført kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet grunna uvêr. Status er det same klokka 23, det blir meldt om kolonne kvar timen

Fylkesveg 50 Hol-Aurland vart stengt natt til torsdag, har halde ope med kolonnekøyring torsdag fram til klokka 21, då stengte fjellet att. 

Artikkelen held fram under biletet.

SNØBYGER: Det snør ein del i fjellet, noko som fører til redusert sikt. Slik ser det ut ved Honing bru på E16.
SNØBYGER: Det snør ein del i fjellet, noko som fører til redusert sikt. Slik ser det ut ved Honing bru på E16.

Elles er både E16 Filefjell og fylkesveg 53 Årdal-Tyin førebels ope, men som ein kan sjå av webkamera til Vegvesenet er det redusert sikt på grunn av kraftige snøbyger og kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel over E16 Filefjell. 

Til toppen