KOLONNE: Laurdag er det kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet. Dette bilete vart teken i går då det var kolonne over Filefjell. Foto: Ron Holan
KOLONNE: Laurdag er det kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet. Dette bilete vart teken i går då det var kolonne over Filefjell. Foto: Ron Holan

Kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet

Få oversikt over kva fjellovergangar som er stengt her.

- Vegane er ser ganske bra ut no. Det var nett ei trafikkulukke i Gudvangatunnelen, men det er opna for fri ferdsel igjen  no, opplyser Vegtrafikksentralen i Lærdal til Porten.no.

Les også: «Tor» gir store utfordringar på vegane

Tunnelar utan kommunikasjon

Det er fri ferdsel på E16 over Filefjell, riksveg 15 Strynefjellet og over fylkesveg 50 Tyin - Årdal.

På riksveg 52 Hemsedal er det kolonnekøyring på grunn av oppryddingsarbeid, skriv Statens Vegvesen i ei pressemelding.

Fjelloverganger som over Vikafjellet og Hol - Aurland er stengt.

Ei rekkje tunnelar er utan kommunikasjon, men Vegtrafikksentralen er varsla og leverandøren av datalinjene jobbar med å få løyst problema.

Les også: Bil byrja å brennepå E16

BILBRANN: Bilvraket frå bilbrannen som oppstod på Filefjell fredag ettermiddag. Foto: Ron Holan

Desse  vegane opna i føremiddag

Blant vegane som vart opna laurdag føremiddag er riksveg 5 Naustdalsstranda, fylkesveg 337 Hafslo - Veitastrond, fylkesveg 92 Vik - Framfjord, fylkesveg 662 Eid - Torheim, fylkesveg 631 Sandvikeidet, fylkesveg 13 Sværefjorden og fylkesveg 8 Ikjefjordbrua.

Til toppen