KOLONNE: Fv. 50 Hol-Aurland stengde først fredag morgon, så vart det innført kolonnekøyring, så opna den, så vart det kolonne att. Illustrasjonsfoto
KOLONNE: Fv. 50 Hol-Aurland stengde først fredag morgon, så vart det innført kolonnekøyring, så opna den, så vart det kolonne att. Illustrasjonsfoto

Kolonnekøyring på eitt fjell, stengt på eit anna

Ustabilt på fjellovergangane.

Indre Sogn: Litt over klokka 0630 twitra Vegsentralen at rv. 52 Hemsedalsfjellet var stengt på grunn av vanskelege køyretilhøve, men ein time seinare opna overgangen att. På fv. 50 Hol - Aurland vart det også stengt tidleg på morgonkvisten – her har det også betra seg, så klokka 0745 melde Vegtrafikksentralen at det er innført kolonne.

Litt over klokka 13 twitra vegtrafikksentralen at fv. 50 var open for fri ferdsel, men at det kan innførast kolonnekøyring på kort varsel. Men litt før klokka 16 kom melding om at det var innført kolonne.

Litt før klokka 20 kom meldinga om at fv. 53 Årdal – Tyin var stengt grunna uvêr.

Med andre ord er berre Filefjell og Hemsedalsfjellet opne for fri ferdsel per klokka 20 fredag.

Det er meldt mykje vind i helga – hald deg oppdatert på fjellovergangane på Vegvesenet sine nettsider for å vera sikker på at du har korrekt info om du skal over fjellet.

Til toppen