ENORM: Queen Mary med sine 344 meter og 148 528 bruttotonn er det største skipet som kjem til Flåm denne sesongen – først tysdag 18. juli, så kjem ho tilbak 26. august. Foto: Ole Ramshus Sælthun
ENORM: Queen Mary med sine 344 meter og 148 528 bruttotonn er det største skipet som kjem til Flåm denne sesongen – først tysdag 18. juli, så kjem ho tilbak 26. august. Foto: Ole Ramshus Sælthun (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Kolossen kom til Flåm

Queen Mary 2 er det største skipet som legg til hamn i Flåm denne sommaren. Tysdag var den her for første gong, og cruisesesongen har vore svært bra så langt.

Aurland: – Ho plar vera her nesten årleg og i år er ho er to gonger. Dette er ei veldig spennande veke med mange gode skip. Me hadde mange gjester i går, og får mange gjester utover i veka også, seier hamnesjef Jon Olav Stedje.

RUVAR: Giganten hadde 2656 passasjerar om bord og ruvar godt på kaia i Flåm. 
RUVAR: Giganten hadde 2656 passasjerar om bord og ruvar godt på kaia i Flåm.  Foto: Ole Ramshus Sælthun

Sjølv om Queen Mary 2 med sine 344 meter og 148 528 bruttotonn er det største skipet som kjem denne sesongen i storleik; hadde ho «berre» 2656 ombord; mest britar, ein del amerikanarar og elles nokre titals eller nokre få frå heile 35 andre nasjonar 

– Det er temmeleg høg standard på Queen Mary 2. I går hadde me eit anløp med 3800 passasjerar, opplyser Stedje.

Ligg på skjema i høve venta besøkstal

Då var det MSC Preziosa som kom til Flåm, som også er eitt av dei aller største skipa til hamn denne sesongen. Utover i veka er det snakk om noko mindre skip i storleik – Arcadia onsdag, MSC Magnifica torsdag og Koningsdam fredag – men dei har altså mykje folk ombord.

– Me reknar i snitt nitti prosent på skipa som kjem til Flåm, det er ein veldig populær destinasjon, seier Stedje.

– Korleis har sesongen vore så langt?

– Svært bra, me ventar nær 240 000 passasjerar på skip i løpet av sesongen, og har til no hatt nøyaktig 137 777 passasjerar her. Det er på skjema. På utfluktene og ekspedisjonane ligg det også veldig godt an.

Les også: No startar cruisesesongen

Til toppen