UT: Søndag er Kom deg ut-dagen. Kva med ein skitur? Foto: Sandra Opheim
UT: Søndag er Kom deg ut-dagen. Kva med ein skitur? Foto: Sandra Opheim

Kom deg ut på søndag

Søndag førstkommande vert Kom deg ut-dagen arrangert på Seimsåsen og Kvamme. 

Årdal/Lærdal: Søndag er Kom deg ut-dagen. Det er ein nasjonal turdag og blir arrangert to gonger i året over heile landet. Det gjekk for første gong av stabelen i 2006, dermed er det duka for 10-årsjubileum i år.  

– Det er første gong vi har over 150 Kom deg ut-arrangement, og det er venta over 30.000 deltakarar. Ei gledeleg utvikling, som viser at friluftsliv har medvind og at vårt langsiktige arbeid for eit tilbod til alle generasjonar treffer, seier generalsekretæren i Den Norske Turistforening, Nils Øveraas, på nettsida til foreininga.

– Det blir blant anna skileik, aking, leiker og bålkos rundt om. Her blir det gode moglegheiter for å halde varmen, møte andre barn og barnefamiliar, leike, lære og vere med på mange morosame ting, seier Øveraas

Kom deg ut-dagen blir markert både i Årdal og Lærdal søndag.

Artikkelen held fram under biletet. 

UTEKOS: Kom deg ut- dagen gjev gode opplevingar for liten og stor.
UTEKOS: Kom deg ut- dagen gjev gode opplevingar for liten og stor.

Seimsåsen

Barnas turlag i Årdal arrangerer Kom deg ut- dagen på Seimsåsen. Dette er årets første arrangement for barnas turlag i Årdal.

- Kom deg ut dagen blir markert med fri vinterleik, ski og aking på Seimsåsen, seier Sandra Opheim.

Ho legg til at dei vil tenne opp grillen i grillhytta og at folk kan grille pølser der om det er ynskjeleg.

Kvamme

Borgund Bygdekvinnelag og Audhumbla 4H inviterer til grilling og aktivitetar på Kvamme. Der blir det skirenn, og moglegheit for å ake eller å gå på tur til fots.

Også her vil dei tenne på grillen, så ta med grillmat er oppmodinga på deira heimesider.

Arrangørane både i Årdal og Lærdal ynskjer alle vel møtt til ein fin søndag ute. 

Til toppen