HØGDEPUNKT: For mange var jubileumskonserten til Fox eitt av dei store høgdepunkta under Kom heimatt.
HØGDEPUNKT: For mange var jubileumskonserten til Fox eitt av dei store høgdepunkta under Kom heimatt. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Kom heimatt: – God stemning i bygda frå morgon til kveld

Årets utgåve av Kom heimatt er historie.

Lærdal: I helga var tida for lærdølene å treffe gamle kjente dei ikkje har sett på ei stund. Eitt år for å vere nøyaktig.

– Veldig kjekt, masse kjekke folk og god stemning i bygda frå morgon til kveld, seier Karl Edvin Lysne i Kom Heimatt-komitèen, som kallar arrangementet ein suksess.

KOM HEIMATT-KOMITÈEN: Karl Edvin Lysne heilt til høgre. Foto: arkiv.
KOM HEIMATT-KOMITÈEN: Karl Edvin Lysne heilt til høgre. Foto: arkiv. Bilde: Ole Ramshus Sælhtun

Dei har ikkje eksakte tal, men reknar med det var rundt 450 personar innom arrangementet fredag og litt meir laurdag. Lysne meiner det viser at dei greier å leve opp til namnet. 

–  Folk kjem heimatt. Det er nok ein fast tradisjon for mange å legge ferien til Lærdal denne helga og noko dei skriv opp i kalendaren i god tid før, seier han.

For mange er bilrebusen laurdag sjølve starten på festen. Høgdepunktet til Lysne var derimot allereie fredagen då eit knippe legendar spelte opp til dans.

– For meg personleg var det Fox. Eg trur det aldri har vore så mange folk på dansegolvet før, seier han.

Til toppen