Kom i gang att etter ferien

Kom i gang att etter ferien

No er tida komen for å hente fram att treningsrutinane!

Ferien er over og kvardagen på jobb eller skule kallar, og det er ofte tungt å kome inn att i rutinane. På treningsfronten føles det ofte dobbelt så tungt å kome i gang att etter eit opphald utan den mosjonen du elles er vant med, men ikkje gi opp av den grunn!

Set treninga på timeplanen

På same måte som du set av tid til vennebesøk, leksegjering og foreldremøter skal du setje av tid til trening på timeplanen din. Ekstra tid til trening i ein hektisk kvardag kjem aldri til å dukke opp av seg sjølv - du må skape tid til det. Stå opp ein time før og ta trening før jobb eller skule eller set av tid på ettermiddagen. Treninga er di eigentid der du kun fokuserer på deg sjølv!

Unn deg litt ekstra motivasjon

Det er inga hemmelegheit at det kriblar litt ekstra i fingrane etter å kome seg av gårde på trening når ein har investert i noko nytt, anten det er fargerikt treningstøy, nye joggesko, eit spanande treningsprogram eller ei pulsklokke. Slike ting kan vere det som gjer at du velvillig hoppar ut av sofaen, sjølv på dagar du eigentleg ikkje har spesielt lyst til å trene. 

Et sunn mat

Trening og kosthald heng nøye saman, og du har nok høyrt at dersom du vil ha gode resultat på trening så gjeld det å ete sunt, variert og nok. Dette sikrar deg  ikkje berre framgang, men faktisk også ekstra vilje til å trene. Når du får i deg næringsrik mat føler du deg vel, sunn og frisk - med andre ord fit for fight!

Gi kroppen tid til å hente fram att "gamle kunstar"

Når du er tilbake att i dei gode rutinane gjeld det å ikkje bli for ivrig. Det er viktig å pushe seg sjølv, men ver tolmodig! Ikkje jag etter gamle rekordar med ein gong, men ver heller tolmodig og respekter at kroppen treng litt tid til å byggje seg opp att til det nivået den har vore på før.

Dersom du er nybegynnar på treningsfronten kan du glede deg over gode resultat tidleg - det er nemleg nybegynnarar som opplever den største framgangen på trening!

Gjer noko du synes er gøy!

... Kanskje det viktigaste tipset av alle. Dersom du klarar å finne ei treningsform som du trivst med, opplever meistring i og som du klarar å halde fram med over lengre tid har du alle forutsetningane for å halde treninga ved like. Det blir også mykje lettare å kome i gang att etter ferien! ☺

 

 

Til toppen