INNBROT: I løpet av helga har Erik Hellem, dagleg leiar ved Euronics i Sogndal, hatt ubudne gjester på besøk. Dei frekke gjestene har reist med pengar og mobiltelefonar til fleire tusen kroner. 
INNBROT: I løpet av helga har Erik Hellem, dagleg leiar ved Euronics i Sogndal, hatt ubudne gjester på besøk. Dei frekke gjestene har reist med pengar og mobiltelefonar til fleire tusen kroner. 

Kom på jobb og oppdaga at tjuvar hadde vore i butikken hans

Gjennom eit ope vinduage på baksida har tjuvar tatt seg inn i Euronics-butikken i Sogndal og reist med verdiar for tusenvis av kroner.

Sogndal: Dagleg leiar ved butikken i Sogndal, Erik Hellem, seier han oppdaga innbrotet kort tid etter at han kom på jobb måndag. Då han opna kassa, var alle sedlane vekke. 

– Då ringte eg dei som var på jobb i helga for å høyre om dei kjende til kvifor sedlane ikkje var der, noko dei ikkje gjorde. Då gjekk eg inn til nabobutikkane og høyrte om dei hadde merka noko, men heller ikkje dei hadde lagt merke til noko, fortel Hellem. 

– Ubehageleg

Etter kvart såg han at skapet som skulle innehalde mobiltelefonar til fleire tusen kroner var tomt. Då skjønte han at noko alvorleg hadde skjedd. 

Artikkelen held fram under biletet.

OPE VINDAUGE: Gjennom eit ope vindauge kom dei ubudne gjestene seg inn i butikken. Vindauget stod inntil, så det er ikkje enkelt å sjå at det var ope.
OPE VINDAUGE: Gjennom eit ope vindauge kom dei ubudne gjestene seg inn i butikken. Vindauget stod inntil, så det er ikkje enkelt å sjå at det var ope.

– Det er ubehageleg fordi nokon som ikkje skal vere her, har vore her. Eg lurte på dei kan ha kome seg inn, men fann ingenting, og så oppdaga me at vindauget på baksida var ope. 

– Det stod inntil, så det såg ikkje slik ut. Det var ikkje ope tidlegare i veka heller, så det er anten opna med vilje, eller så har nokon gløymt å late det att, forklarar han. 

ETTERFORSKAR SAKA: Arne Johannessen seier politiet har avhøyrt fleire personar og sikra seg DNA.
ETTERFORSKAR SAKA: Arne Johannessen seier politiet har avhøyrt fleire personar og sikra seg DNA.

Meld til politiet

Forholdet er meldt til politiet, som ønskjer tips i saka. Det er tydeleg at tjuvane har vore bevisste på kva dei ville ha med seg. For sjølv om dei hadde sjansen til å ta mykje anna, var det berre mobiltelefonar av typen iPhone og Samsung i tillegg til 25.000 kroner i kontantar som var tatt. Berre i iPhone utgjer det 100.000 kroner.

– Då dette var meldt til oss i dag, rykte me ut umiddelbart og prøvde å finna spor. Det er ikkje teikn til brytespor som me har oppdaga så langt. Me har allereie gjort to-tre avhøyr og driv og etterforska saka og prøver å samla informasjon om kva og kven. Me har ingen mistenkte per no, seier lensmann Arne Johannessen til Porten.no.

Politiet har sikra DNA, men vil ikkje gå nærare inn på kva.

– Det er mange ting som ikkje er rørt i det heile. I same skap som mobiltelefonane låg i, var det ein del nettbrett, og dei har heller ikkje tatt telefonar som sikker ikkje har nokon salsverdi, forklarar Hellem.

Artikkelen held fram under biletet.

TOK BERRE TELFONAR: Sjølv om dei hadde sjansen til å forsyne seg grovt frå butikken, har tjuven eller tjuvane berre reist med mobiltelefonar frå Samsung og Apple i tillegg til pengane som låg i kassaapparatet.

– Dei eller den som har gjort dette, har kome seg inn utan å knuse rute og gått målbevisst etter dei dyraste telefonane. Kva fortel det dykk, Johannessen?

– Det vil eg ikkje spekulere i per no, men ein kan gjera seg nokre tankar om det. Det er veldig ofte slik i dag at innbrota er veldig målretta, der dei har gjort research på førehand. Tidlegare var det litt tilfeldig og dei tok med seg masse, men her har dei gått for lett omsettelege ting, seier lensmannen. 

Til toppen