TULLA MED MONSEN: Komiker Herman Flesvig og programleder Stian Sandø hadde planlagt å tulla litt med Monsen, men endte opp med å ikkje tore.
TULLA MED MONSEN: Komiker Herman Flesvig og programleder Stian Sandø hadde planlagt å tulla litt med Monsen, men endte opp med å ikkje tore. (Foto: Sunniva Knutsen)

Komikar var med Monsen på tur: – Monsen er alfa i spannet, me er kvalpar

Komikar Herman Flesvig og programleiar Stian Sandø har vore med Monsen på tur. Då bygutane kom til bygda, var dei snare med å oppsøka moderne toalett og hårfønar.

Årdal: Sommeråpent har hatt med seg fleire gjestar under turen, og med igjennom Jotunheimen var komikar Herman Flesvig og NRK-programleiar Stian Sandø. 

Det var ikkje til å legga skjul på at det hadde vore ein fysisk krevjande tur for bygutane. Under sendinga frå Svalheim spøkte dei mykje med at dei hadde sakna moderne klosett og hårfønar:

– Det skal bli fint å gå på do og sjå at ting forsvinn, så Flesvig på direkten.

TULLA MED MONSEN: Komiker Herman Flesvig og programleder Stian Sandø hadde planlagt å tulla litt med Monsen, men endte opp med å ikkje tore. Foto: Sunniva Knutsen

Flesvig vart kjend då han parodierte kjendisar som blant anna Aksel Hennie og Eivind Hellstrøm.  I dag er han å sjå saman med komikar Robert Stoltenberg. Under kan du sjå ein dramatisk videoreportasje av Flesvig frå Jotunheimen. 

Sandø er kjend som programleiar av Newton på NRK Super. I fjor var deltok han på Farmen Kjendis, der han kom heilt til finaleveka. 

Då Porten.no snakka med dei, var det tydeleg at desse to hadde kosa seg på tur. Les kva dei hadde å seia om turen nedanfor!

 Sandø: – Som å vera 14 år igjen

– Korleis har det vore å gå på tur med Lars Monsen? 

– Heilt jævlig. Neida, det ha vore veldig gøy, seier Sandø og ler. 

– Det har vore veldig fint. Vi har hatt det veldig gøy, eg og Stian. Men eg vil takke alle dei som har vore med å bære. Dei frivillige som har vore med og alle som jobber rundt er heilt fantastiske. Det svære teamet rundt, dei er fasinerande, seier Flesvig. 

– Ja, det er heilt nydeleg gjort. Me er berre dei som smilar på TV-skjermen, ler Sandø. 

NØGDE MED TUREN: Komiker Herman Flesvig og programleder Stian Sandø har vore med Lars Monsen igjennom Jotunheimen. - Han er litt skummel! sa dei. Foto: Sunniva Knutsen

– Har de gått inn for å plaga Lars litt?

– Eg fekk lov av produsentane til å tulle litt med han om eg hadde lyst. Men då eg såg kor slitne me vart etter turen, så orka eg ikkje, ler Sandø. 

Flesvig, kjend frå sosiale medium, hadde ein litt annleis tilnærming:

– Eg hadde tenkt å spele litt meir udugeleg, men så ville eg liksom visa Lars at eg var flink òg. Så eg endte med å gjera så godt eg kunne, seier Flesvig.

– Ein vil imponere han. Det er litt som å vera 14 år kor man torer å vera tøff når ein er med kompisane sine. Eg torte å vera kul då Herman var i nærleiken, men då eg var åleina med Lars blei eg skikkeleg audmjuk, og byrja å snakka om at naturen var skikkeleg fin, ler Sandø. 

– Er han litt skummel?

– Han er dritskummel, skyt Flesvig inn. 

– Det er litt som i eit hundespann: han er alfahann, vi er kvalpar, seier komikaren. 

Eg torte å vera kul då Herman var i nærleiken, men då eg var åleina med Lars blei eg skikkeleg audmjuk, og byrja å snakka om at naturen var skikkeleg fin...

Stian Sandø, programleiar i NRK

– Kva inntrykk sit de igjen med etter turen? 

– At internett er herleg, seier Sandø umiddelbart. 

– Ja, det vil du sei. Eg vil sei at det er fantastisk flott her oppe. Kjempefint! Det er veldig mange søte jenter, og eg elskar dialekta, seier Flesvig. 

– Ja, det er eit utruleg godt oppmøte. Bra jobba! legg Sandø til. 

Etter praten med duoen, spurte Porten.no Monsen om korleis det hadde vore å ha med seg gutane på tur. 

– Dei har ikkje vore plagsomme eitt sekund. Dei er berre fulle av god energi dei gutane der, seier Monsen med eitt smil. 

– Dei seier dei torte ikkje å tulla med deg, er du litt skummel? 

– Det går over, seier Monsen med eit rakt andlet og glimt i augo.

Til toppen