FISKELYKKE: I høve samarbeidet med boksalet til Johs B. Thue og sonen Eirik, serverte Kjell Tore Grøthe frå Kort og Godt ein av rettane, nemleg plukkfisk. Foto: Jan Christian Jerving.
FISKELYKKE: I høve samarbeidet med boksalet til Johs B. Thue og sonen Eirik, serverte Kjell Tore Grøthe frå Kort og Godt ein av rettane, nemleg plukkfisk. Foto: Jan Christian Jerving.

Kommandørens plukkfisk gjekk unna i ein fei

På knappe tre timar var om lag 60 kilo med plukkfisk fortært av svoltne marknadsgjestar.

Lærdal: – Dette gjekk jammen unna, seier innehavar a Kort og Godt, Kjell Tore Grøthe, tidleg laurdag ettermiddag.

Då hadde dei seld unna 125 porsjonar med den populære fiskeretten. Det var i høve samarbeidet på marknaden med Johs B. Thue og sonen Eirik denne ideen kom opp.

I april gav nemleg dei to ut boka «Gryta i fjorden. Kulturhistorisk matbok», som handlar om fisket i fjordane og korleis denne fisken blei sett på bordet i ulike samanhengar som kvardagsmat og festmat.

– Dette er nemleg ikkje ein heilt vanleg plukkfisk. Dette er gamle «Kommandøren», flaggskipet i Fylkesbåtane sin kveldsmat. 

Mathistorie

Dette var mat i fylkesrederiets inste ande. Alt skulle nyttast. Overskotet i selskapet skulle koma felleskapen til gode. Plukkfisken ombord på «Kommandøren» var sjølve symbolet på trygg og jordnær forretningsdrift.

Her nytta dei avskjer av all kvitfisk som emne og råstoff, men også restar frå fiskemiddagar, og ein må vera nøyaktig, få ut alle bein og berre trekkja fisken til kjøt losnar frå bein.

Samla stoff i mange år

Grunnregelen på plukkfisken  er at ein skal ha ei like stor mengd med kokte poteter som fisk. Ei fylt djup tallerken med fisk og same mengd poteter mettar fire personar, dersom dei då ikkje kjem rett frå vedaskogen, heiter det.

– Me har samla stoff til boka heilt sidan byrjinga av 70-talet. Dette er såleis ikkje ei kokebok i eigentleg forstand sjølv om ho flyt over med oppskrifter på ulike fiskerettar frå fjorden der råstoffet til gryta er, seier Johs B. Thue. 

– Den gamle og tradisjonelle maten frå fjorden har vi såleis sett i sentrum for vårt arbeid, seier han vidare.

I boka fortel folk frå Utvær i Solund til Øye i Valdres fortel om ulike måtar å konservera fisk på. I boka møter ein også truer og førestillingar som var knytte til heimefisket. Dessutan får ein vite korleis matrettane har endra seg. Matvindane frå Bergen utgjer såleis eit eige kapittel.

Til toppen