– HEILBOM: Redaktør Halvor Farsund Storvik i Porten.no svarer på kritikken Sogn Avis-journalist Hanne Stedje kom med i ein kommentar i avisa laurdag.
meiningar
– HEILBOM: Redaktør Halvor Farsund Storvik i Porten.no svarer på kritikken Sogn Avis-journalist Hanne Stedje kom med i ein kommentar i avisa laurdag.
meiningar

Kommentar: – Hanne Stedje, du skyt frå hofta, men treffer deg sjølv i foten

I ein skarpladd kommentar i laurdagens Sogn Avis fyrer journalist Hanne Stedje laus mot politikar Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap). Og mot Porten.no. Problemet er at ikkje ein einaste av skuldingane treff blink.

Kommentar: Det er aldri lurt å skriva lesarinnlegg i sinne. Det lærte me på skulen. Eg veit ikkje om det var pensum, men i så fall tyder laurdagens krasse kommentar frå Hanne Stedje på at ho gjekk glipp av akkurat den timen.

Her går Sogn Avis-journalisten til frontalangrep på både lokalpolitikar Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) i Årdal, og på Porten.no. Det me blir skulda for er i realiteten ikkje eingang bagatellar. Salve etter salve blir fyrt av i tomme lufta.

Dette er saka: 

For å forstå kritikken, og kvifor den bommar, lyt me skru tida litt tilbake. Nærare bestemt til tysdag i førre veke. Formannskapet i Årdal er samla og på bordet har dei ei brennheit sak. Skal utebassenget på Årdalstangen bli opna i år eller ikkje? Svaret til politikarane er nei. Det blir for dyrt å setta det i stand.

I møtet stilte Brandsdal spørsmål ved om saka ikkje skulle tilbake til kommunestyret. I fjor sette dei folkevalde der nemleg av pengar for å halda det ope. Formannskapet har ikkje mynde til å avgjera så viktige investeringar, meinte ho. Ho var òg uroa for at viktige brukargrupper ikkje hadde blitt høyrde. Ho tok altså til motmæle, men då det kom til stemmegivinga retta ho seg etter fleirtalet.

Neste dag gjekk Brandsdal til partifelle og ordførar Arild Ingar Lægreid for å diskutera saka, samt eit par andre. Det vart aldri nokon diskusjon, for det viste seg at ordføraren var einig i at vedtaket var ugyldig, saka skulle tilbake til kommunestyret og datoen var allereie sett. Altså var det nytt håp i ei sak som opptek dei fleste tangingar.

«Avsløringa» som sprakk

Denne gladsaka serverte Brandsdal til oss i Porten.no onsdag kveld. Me hadde allereie skrive to artiklar i bassengsagaen same veke, så det var ikkje heilt unaturleg at ho kom til oss med tipset.

I samtalen med ordføraren spurte Brandsdal om nokon hadde fått vita om snuoperasjonen. Ordføraren fortalde at han hadde snakka med Sogn Avis tidlegare på dagen. Det Brandsdal ikkje visste var at Sogn Avis hadde tenkt å slå saka stort opp på førstesida neste dag. Ei heller visste ho at dei hadde sett to journalistar på saka, og konferert med juridiske ekspertar hos både Fylkesmannen og i KS. Ho visste heller ikkje at ordføraren først vart gjort merksam på det ugyldige vedtaket då Sogn Avis tok kontakt tidlegare på onsdagen.

Brandsdal, som hadde løfta den same problemstillinga dagen før, hadde altså god grunn til å tru at ho hadde minst èin finger med i snuoperasjonen.

Men då ho gjekk til Porten.no same kveld, sørga ho for at me kom konkurrenten i forkjøpet. Slik gjekk mykje av lufta ut av avsløringa til Sogn Avis. Med fare for å psykoanalysera for mykje, verkar det klart at dette «feilskjeret» var hovudårsaka til at Stedje laurdag retta artilleriet mot Brandsdal. Ho var rett og slett sint og frustrert over at politikaren hadde blåst saka ho hadde jobba med sidan tysdag kveld.

På mange måtar forståeleg, men slik er det no ein gong i denne bransjen. I vår digitale tidsalder kan du ikkje ruga på ting for lenge. 

Skepsis på steroidar

I kommentaren blir Ap-politikaren skulda for å ha tvilsame motiv for å tipsa oss, ho skal ha prøvd å glatta over det ulovlege vedtaket, ho prøvde feilaktig å ta æra for ein snuoperasjon Sogn Avis eigentleg stod bak, ho blir skulda for å driva kynisk stemmesanking og for å undergrava eigen ordførar. Det er liksom ikkje måte på.

Porten.no blir stempla som ukritisk mikrofonstativ, både rett ut og mellom linjene.

Sjølv reine fakta blir framstilte i eit mistenksamt lys. At Brandsdal gjekk til ordføraren for å diskutera bassengavgjerda dagen etter, blir i Stedje sin penn til at Brandsdal «ifølgje Porten.no» gjekk til ordføraren dagen etter. At ordføraren og Brandsdal var samde i møtet, blir til at ordføraren «visstnok» var samd. At Brandsdal var den einaste som tok til motmæle i formannskapet dagen før, blir igjen til at Brandsdal «ifølgje Porten.no» var den einaste som tok til motmæle under møtet.

Ja, av og til bruker me journalistar denne formuleringa for å kreditera kjelda me har fått informasjon frå. Men i denne samanhengen er det vanskeleg å tolka som anna enn eit forsøk på å undergrava truverdet til ein konkurrent. 

Ein dose sjølvransaking, men berre litt

Det heile blir litt komisk når Stedje, med små nyanseskilnader, kjem til same konklusjon som oss: Brandsdal var den einaste som tok til motmæle og ho var den første til å stilla spørsmål ved om vedtaket var gyldig. 

Men mikronfonstativet Porten.no skal du tydelegvis ikkje stola på.

Me er sikkert ikkje feilfrie, me heller. For eksempel hadde me ikkje trengt å vinkla overskrifta så sterkt på Brandsdal si rolle oppi det heile. Det hadde vore betre om me hadde konsentrert oss om det faktiske vedtaket. Kanskje kunne alt oppstyret ha vore unngått berre med det.

At me i pressa kan verta utnytta av taletrengde politikarar er ei gyldig innvending. Eg synst berre ikkje saka me skreiv er det beste eksempelet på dèt. Ho står godt på eigne bein, og er ikkje eit resultat av at ein overivrig redaksjon beit på politikaragnet.

Det eigentlege mageplasket

Laurdagens kommentar frå Stedje er derimot eit eksempel på noko enkelte allereie har merka seg: I tillegg til å vera ein knakande god journalist, slit ho til tider med å halda den naudsynte distansen til årdalspolitikken.

Ho brenn så sterkt for heimplassen, at det til tider kan hindra ho i å halda hovudet kaldt når ho skal skildra det som skjer. 

Ingenting demonstrerer det siste poenget betre enn når Stedje i ei oppsummering karakteriserer bassengsaka som eit «komplett kaos med katastrofale følgjer.» 

Det var kanskje å ta litt hardt i?

Det er fristande å kalla det eit journalistisk mageplask, men eg vil heller kalla det ein viktig lærepenge, både for Stedje og for alle oss andre: Det er aldri lurt å skriva kommentarar i sinne, spesielt etter at å ha tapt eit viktig scoop til konkurrenten.

Til toppen