Kommentar: – Utvikling og endring startar med deg og meg

MEININGAR

Kommentar: – Utvikling og endring startar med deg og meg

Det er ikkje vanskeleg å kalla ein spade for ein spade. Spørsmålet er kva ein skal bruka den spaden til for å løysa eit problem. 

Etter nokre månader med iherdig jobbing kan eg endeleg få ønskja dykk velkomne til Porten.no sine nye nettsider.

Eg håpar inderleg at du likar det du ser og at dette er med på gjera Porten.no til di viktigaste informasjonskjelde om Årdal og Lærdal, som er vårt nedslagsfelt – i første omgang (blunkefjes).

Det har vore litt av ei endring for min del å gå frå å ringja idrettspresidenten i Noreg og intervjua kjende norske utøvarar i TV 2 Sporten til å gå ut og jakta dei gode historiene. Eg skal ærleg innrømma at eg var usikker på korleis dette skulle gå, men no er eg sikker.

Eg er sikker på at Porten.no skal bli ei suksesshistorie. Eg er sikker på at Porten.no skal bli årdølene og lærdølene, anten dei bur i kommunen eller er utflytta, sin viktigaste informasjonskanal. Som landets snart yngste redaktør er eg vel plikta til å vera litt eplekjekk og naiv.

Sanninga er at eg føler meg ikkje naiv når eg seier dette. Eg har verkeleg stor tru på at dette skal gå bra. Det var også årsaka til at eg sa ja til jobben i sommar og valde å flytta heim, sjølv om det kosta meg ein diamantring til sambuaren min frå store Oslo. 

Eg har sagt at eg ikkje ville sagt frå meg jobben i TV 2 for nokon annan plass enn Årdal, og det stemmer. Eg tende veldig på ideen om å gi Porten.no ei fornying. Det å få vera med og skapa noko meir eller mindre frå grunnen av er veldig spennande. Men det skal seiast at grunnmuren var nokså solid med mange trufaste lesarar. 

Som sagt, ønskjer eg at Porten.no skal bli din viktigaste informasjonskanal. Det betyr at me skal skriva om alt som interesserer deg. Det er ingen spalteplassar, tal på ord eller millimeter som hindrar oss. Me har all verdas av plass å boltra oss på, og det betyr at me har plass til den tilsynelatande keisame nyhenda, den store, informative saka, dei underhaldande og gode historiene, ja, det som skjer. 

Det er Årdal eg kjenner best, men trass svake økonomiske tider i lang tid, har eg allereie til no fått inntrykk av at dette er eit samfunn i utvikling. Det tar litt tid fordi ein har vore svært godt vand, men eg trur det kjem.

Og dersom ein ønskjer utvikling, må ein byrja med seg sjølv. Eg har høyrt frå fleire hold at det er eit haldningsproblem i bygda. Det er for mykje negative tankar og meiningar, seier dei. Javel. Men kva er løysinga på problemet då?

Det er ikkje vanskeleg å kalla ein spade for ein spade. Spørsmålet er kva ein skal bruka den spaden til for å løysa eit problem. 

Slik eg ser det, skal Porten.no vera ein slik spade. Vår jobb er ikkje å danna eit glansbilete av bygdene. Porten.no skal framstå med integritet og truverd. Me SKAL stilla dei kritiske spørsmåla, men som ei nettavis for Årdal og Lærdal har me makta til å forma nyhendebiletet og kva du snakkar om i lunsjen. Og dersom det er slik at Hydro rekrutterer og Norsun vurderer ei utviding, så er det vel så viktig å skriva om som når dei to verksemdene permitterer og slit økonomisk. 

Med andre ord: Me kan vera med og forma haldningane dine. Kva har Porten.no å vinna på å framstilla to lokalsamfunn som nedlagde gruvesamfunn? Og då er spørsmålet mitt til deg: Kva har du å vinna på med dine negative haldningar?

Det er eit faktum at ungdommen reiser frå bygda for å studera og «aldri kjem tilbake». Det er eit faktum at det er fordi me ikkje har arbeidsplassar å tilby dei. Det er eit faktum at butikkar av diverse slag litt for ofte blir nedlagde. Det er eit faktum at det gjekk dårleg med Årdal Fotballklubb denne sesongen. Du har kanskje høyrt det før? Enig. Det ein sjeldan høyrer er setningar som startar med: «Her er eit forslag til løysing…».

Utvikling og endring startar med deg og meg.

Til toppen