GODTEK: Brannen i Lærdal var av ein så spesiell karakter at også kommunal- og moderniseringsdepartementet godtek at noko av skjønnsmidlane vart brukt til løn til fast tilsette. Arkivfoto
GODTEK: Brannen i Lærdal var av ein så spesiell karakter at også kommunal- og moderniseringsdepartementet godtek at noko av skjønnsmidlane vart brukt til løn til fast tilsette. Arkivfoto (Foto: Jan Christian Jerving)

Kommunaldepartementet godtek bruken av skjønnsmidlar

Lærdal kommune må ikkje betala tilbake noko av skjønnsmidlane som vart brukte til å løna fast tilsette i samband med storbrannen.

Lærdal: Etter at innbyggjar i Lærdal, Arne Sanden, gjennom fleire skriv synte overfor Fylkesmannen at Lærdal kommune hadde brukt skjønnsmidlar til å løna fast tilsette i samband med storbrannen i 2014, bad Fylkesmannen om ei vurdering frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Bakgrunnen for at Fylkesmannen bad om ei slik vurdering, var at skjønnsmidlar i utgangspunktet ikkje skal nyttast til å løna fast tilsette. Når dette likevel vart gjort i samband med brannen i Lærdal, meinte Fylkesmannen det kunne forsvarast ettersom hendinga var av ein så spesiell karakter.

Les også: Fylkesmannen ber departementet vurdera lønsføringane etter brannen

«Ei særskild hending»

I brevet frå departementet til Fylkesmannen, signert avdelingsdirektør Thor Bernstrøm og underdirektør Grete Lilleschulstad, blir det peika på at ein slik måte å nytta skjønnsmidlar på i utgangspunktet ikkje er i samsvar med føringane: 

– De skriv at 3,9 mill. kroner av dei rapporterte skjønnsmidlane er brukt til å dekke lønnskostnader til fast tilsette i Lærdal kommune. (...) Faste lønnsutgifter er i utgangspunktet ikkje ekstraordinære utgifter, heiter det i brevet.

– Men viss tilsette i kommunen brukar all si tid på å handtere den ekstraordinære hendinga, vil ordinære oppgåver bli utsett. Kommunen kan difor få ekstrautgifter når dei må ta igjen tilsidesette oppgåver, eventuelt skaffe nytt personell på eit seinare tidspunkt for å ta igjen det forsømte.

Såleis kjem altså departementet til same konklusjon som Fylkesmannen:

«Fylkesmannen kan på denne bakgrunn gjere ei samla vurdering av den totale belastninga på grunn av hendinga og korleis dette vil påverke økonomien til kommunen. Brannen i Lærdal var ei særskild hending med store konsekvensar. Departementet vil derfor ikkje krevje tilbake lønnsutgiftene som allereie er ført i rekneskapen.»

Til toppen