SLUTTAR: Helen Koldal, har sagt opp jobben som kommunalsjef for helse og omsorg, og har sin siste arbeidsdag 12.april.
SLUTTAR: Helen Koldal, har sagt opp jobben som kommunalsjef for helse og omsorg, og har sin siste arbeidsdag 12.april. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes / Arkiv)

Kommunalsjef for helse har sagt opp

Kommunalsjef for helse og omsorg, Helen Koldal har sagt opp.

Årdal: Koldal har siste arbeidsdag for Årdal kommune 12. april.

Årsaka er at Koldal har fått ny jobb i Bergen.

– Eg har fått tilbod om ei spennande stilling som seksjonsleiar i byrådsavdelinga i Bergen kommune, og ønskjer å gripa den sjansen, seier ho til Porten.no i ein sms. 

Koldal, som opprinneleg kjem frå Fusa, er utdanna sjukepleiar, men har tatt vidareutdanning innan leiing og rettleiing.

Ho vart tilsett som kommunalsjef for helse og omsorg i august 2017, der ho tok over for tidlegare kommunalsjef Rigmor Svanberg, som gjekk av med pensjon. 

Tidlegare kommunalsjef kjem tilbake

Rådmann Olve Fossedal opplyser til Porten.no at Svanberg skal tre inn som konstituert kommunalsjef frå mai til og med oktober månad, medan kommunen skal jobba med å tilsetje ein ny person. 

STEPPAR INN: Tidlegare kommunalsjef Rigmor Svanberg gjekk av med pensjon i 2017. No steppar ho inn som konstituert kommunalsjef til kommunen får tilsett ny. Bilde:  Truls Grane Sylvarnes / Arkiv

Stillinga til ny kommunalsjef vert lyst ut måndag 1.april med søknadsfrist 26. april.

– Det er ei ordinær tilsetting, men det er klart at dette er ei sentral stilling som det er viktig å få tilsett ein ny person til så snart som råd, seier Fossedal, som er positiv til at kommunen skal ha klart å fylle stillinga innan oktober. 

Til toppen