TRENG MEIR: – Det vil krevje langt meir enn det som ligg i dette budsjettforslaget, meiner styreleiar i KS Gunn Marit Helgesen. Foto: KS.
TRENG MEIR: – Det vil krevje langt meir enn det som ligg i dette budsjettforslaget, meiner styreleiar i KS Gunn Marit Helgesen. Foto: KS.

Kommunane ber om meir for å takle flyktningkrisa

Pengane som regjeringa vil gje for å auka busettinga av flyktningar, er langt frå nok til å møte utfordringa i kommunane, meiner KS.

  • Endret

Årdal/Lærdal: I forslaget til statsbudsjett for 2015 gjev regjeringa eit tilskot på 50 millionar kroner for å auka busettinga av flyktningar i kommunane. I tillegg vert det gjeve 25 millionar kroner for busetting av einslege, mindreårige flyktningar.

Les også: Årdal seier ja til å busetta ti syriske flyktningar

– Det er forståeleg at eit statsbudsjett som er planlagt og utarbeidd over lang tid ikkje kan ta opp i seg den akutte krisa me opplever no. Men her ligg ei stor utfordring for regjering og Storting til raskt å handetere situasjonen, seier styreleiar Gunn Marit Helgesen i Kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon KS.

Les også: Lærdalsordføraren positiv til å ta imot 88 flyktningar

– Det vil krevje langt meir enn det som ligg i dette budsjettforslaget. Eg opplever også at statsministeren er klart innforstått med dette, seier Helgesen.

Regjeringa har varsla at det vil bli lagt fram ei tilleggsmelding som omhandlar flyktningkrisa. (©NTB)

Til toppen