KOMMUNIKASJON: Under storbrannen i Lærdal januar 2014 gjekk kommunikasjonen ulike instansar imellom ved ordonnans ettersom alle "moderne" kommunikasjonsformer gjekk ned. Året etter kom naudnettet for naudetatane, men ei kommunal kriseleiing ville heller ikkje ha vore påkopla ved ei liknande hending i dag. No skal eit prøveprosjekt Sogn og Fjordane er plukka ut til å delta i kartleggja nytteverdien av at fleire instansar får ta i bruk naudnettet. Arkivfoto
KOMMUNIKASJON: Under storbrannen i Lærdal januar 2014 gjekk kommunikasjonen ulike instansar imellom ved ordonnans ettersom alle "moderne" kommunikasjonsformer gjekk ned. Året etter kom naudnettet for naudetatane, men ei kommunal kriseleiing ville heller ikkje ha vore påkopla ved ei liknande hending i dag. No skal eit prøveprosjekt Sogn og Fjordane er plukka ut til å delta i kartleggja nytteverdien av at fleire instansar får ta i bruk naudnettet. Arkivfoto (Foto: Jan Christian Jerving)

Kommunane blir kopla på naudnettet i prøveprosjekt

Om storbrannen i Lærdal skjedde i dag ville den kommunale kriseleiinga sitja isolerte frå informasjonsstraumen naudetatane imellom. I framtidige krisesituasjonar kan det bli annleis.

Indre Sogn: – Det første som alltid skjer er at kommunikasjonen ryk. Me baserer oss berre på mobilnettet som er avhengig av linjer og straum. Då blir det sårbart. Me såg det under stormen Dagmar og storbrannen. Kommunikasjonen fekk ein dipp under flaumen også. Då blir alt så tungvint, seier lærdalsordførar Jan Geir Solheim.

Lærdal kommune har fått erfaring med kriseleiing. Ein svært øydeleggjande storm, ein enno meir øydeleggjande brann og til slutt storflaum på under tre år har verkeleg testa beredskapen i kommunen.

Nytta ordonnans

Naudetatene - altså brannvesen, helse og politi - har sidan 2015 kunne halda kommunikasjonen seg i mellom gjennom naudnettet ved kriser. Dei tre hendingane i Lærdal skjedde alle før naudnettet var på plass, så då var kommunikasjonen like dårleg for alle instansar. Men den kommunale kriseleiinga som blir oppretta når slikt skjer er heller ikkje i dag påkopla. 

– På kommunikasjonsfronten var me sette tilbake til før telegrafen si tid. Me nytta ordonnans (at ein overbringer meldingar fysisk, red.anm), berre at me hadde bil i staden for hest. Når eg held føredrag om brannen nyttar eg eit bilete av ein postryttar, fortel Solheim.

No er Sogn og Fjordane saman med Vestfold plukka ut i eit prøveprosjekt som skal testa ut at fleire instansar får ta i bruk naudnettet, mellom anna nettopp kommune og verksemder som har industrivern. Solheim meiner organiseringa frå den kommunale kriseleiinga vil gå mykje lettare under stormar, brann og flaum dersom også dei kjem på naudnettet.

– Kommunikasjon er rota til alt godt

– Det hadde vorte noko heilt anna. Staben, altså den administrative leiinga i kommunen, sat på sjukehus og visste lite om kva som skjedde under brannen. Tid og kriser heng saman og god kommunikasjon sparar tid.  Difor er det så utruleg viktig i dag.

– Hadde kriseleiinga fått organisert arbeidet betre om dei var på naudnettet?

– Ja. Kommunikasjon er rota til alt godt. Dessutan skal kommunen halda i gang samfunnet elles også ved ei krise. Slikt som vasstilførsel, avløp og heimesjukepleie må haldast i gang. Då treng kommunen å vera med i informasjonsloopen.

Prøveprosjektet Sogn og Fjordane skal delta i er eit samarbeid mellom Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) og Fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Vestfold.

– Prosjektet vil gi oss viktig kunnskap og erfaring om korleis Naudnett kan bidra til betre samvirke og samarbeid under kriser og store hendingar, seier Nina Myren, avdelingsdirektør i DNK, i ei pressemelding.

UTVIDING: Direktoratet for Nødkommunikasjon (DNK) her ved Nina Myren, avdelingsdirektør, står bak prøveprosjektet i samarbeid med fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Vestfold.
UTVIDING: Direktoratet for Nødkommunikasjon (DNK) her ved Nina Myren, avdelingsdirektør, står bak prøveprosjektet i samarbeid med fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Vestfold.

Ordførar Solheim tykkjer det er rett og rimeleg at Sogn og Fjordane er plukka ut til å delta i prosjektet.

– Me har trass alt hatt dei største krisene dei siste åra.

– Skifte i tenkinga rundt naudnettet

Haavard Stensvand, fylkesberedskapssjef Sogn og Fjordane, fortel at erfaringane frå prøveprosjektet vil få noko å seia for kor vidt det blir ei permanent utviding av instansar som får bruka naudnettet:

– Ein skal gjera seg erfaringar så det går an å ha ei kvalifisert meining om kor vidt andre bør kunne ta naudnettet i bruk, sett utifrå eit kost-nytte-perspektiv.

– Kvifor har ikkje desse instansane, altså til dømes kommune og industri, hatt tilgang til naudnettet heilt frå starten?

– Naudnettet vart bygd ut med tanke på naudetatane, det var fokus når ein starta. Så ser ein at andre etatar kan ha nytte av å vere på naudnettet. Det handlar nok om eit skifte i tenkinga rundt dette. Og no skal ein altså få erfaringar her. 

 

 

Til toppen