FORVENTAR1: Ordførarar i kraftkommunane forventar at finansminister Siv Jensen no tek grep og set ned kapitaliseringsrenta til 3 prosent ettersom denne har vore på «kunstige» 4,5 prosent sidan 2012. F.v.: Arild Ingar Lægreid (Ap), Jan Geir Solheim (Sp) og Noralv Distad (H), ordførarar i tilhøvesvis Årdal, Lærdal og Aurland. Arkivfoto/kollasje: Ole Ramshus Sælthun
FORVENTAR1: Ordførarar i kraftkommunane forventar at finansminister Siv Jensen no tek grep og set ned kapitaliseringsrenta til 3 prosent ettersom denne har vore på «kunstige» 4,5 prosent sidan 2012. F.v.: Arild Ingar Lægreid (Ap), Jan Geir Solheim (Sp) og Noralv Distad (H), ordførarar i tilhøvesvis Årdal, Lærdal og Aurland. Arkivfoto/kollasje: Ole Ramshus Sælthun

Kommunane deira kan få 17-18 millionar ekstra til 2017-budsjettet

Kraftkommunane håpar finansminister Siv Jensen viser litt velvilje no rett før jul - i komande veke må ho gi eit svar på om kapitlaiseringsrenta blir sett ned omgåande. 

Årdal/Lærdal/Aurland: – Det kostar regjeringa veldig lite å gjera dette grepet, Siv Jensen treng ikkje gå til Stortinget og be om meir pengar. Med mindre regjeringa vil gjera velferden i mange kommunar i utkantstrok veldig mykje dårlegare er dette ein gylden moglegheit. Eg ventar at Jensen grip den, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete.

Som tidlegare omtala har kraftkommunane mista millionar i inntekter frå eigedomsskatt til kraftverk dei siste åra. Dels er grunnen låge kraftprisar og dermed mindre verdi på kraftverka, men også ei «kunstig» høg kapitaliseringsrente.

Jensen har ei veke på seg

For samstundes som styringsrenta har gått ned til eit historisk lågt nivå, er ikkje kapitaliseringsrenta endra sidan 2012 - den står på 4,5 prosent. Og enkelt forklart blir inntektene frå eigedomsskatt lågare for kommunane di høgare kapitaliseringsrenta er. 380 millionar kroner meir ville ei kapitaliseringsrente på 3 prosent kontra dagens 4,5 prosent utgjera for kommunane samla.

FORVENTAR2: Liv Signe Navarsete forventar at Siv Jensen nyttar dette høvet til å gjera kommuneøkonomien litt romslegare for kraftkommunane. Arkivfoto
FORVENTAR2: Liv Signe Navarsete forventar at Siv Jensen nyttar dette høvet til å gjera kommuneøkonomien litt romslegare for kraftkommunane. Arkivfoto

– Det er mykje pengar og mange stillingar i kommunane me snakkar om. Mesteparten i eit kommunebudsjett går til løn, så det handlar om lærarar, sjukepleiarar og alle andre som jobbar med kommunale tenester, seier Navarsete

Les meir om samanhengen her: – Kommunane leikar ikkje butikk

Denne veka stilte stortingsrepresentant Odd Omland (Ap) frå Vest-Agder finansminister Jensen spørsmål om ho ville syta for at vurderinga av kapitaliseringsrenta blir gjort i løpet av desember, slik at vurderinga blir føreteke for budsjettåret 2017 i tråd med Stortinget sitt budsjettvedtak.

– Når statsråden får eit spørsmål frå ein stortingsrepresentant er det svarfrist på ei veke. Såleis kan me venta svar mot slutten av komande veke, seier Navarsete.

Kan vera snakk om over 17 millionar

Og blir denne renta sett ned frå 4,5 prosent til 3 prosent gir det 3,5 millionar kroner meir for Lærdal kommune i 2017-budsjettet. Økonomisjef i Aurland kommune, Reidar Johnsen, har høyrt med Landssamanslutninga av Vasskraftkommuner (LVK) kva ei slik renteendring vil føra til for deira vedkomande og fått opplyst at det vil gje om lag like mykje tilbake som kommunen mista i eigedomsskatt gjennom nedsetjing av verdi for kraftverka dette året. Det same blir opplyst frå Årdal kommune

Les også: Mistar 20 millionar kroner i eigedomsskatt

Det skulle bety om lag 12 millionar for Aurland sin del og mellom 2,5 og 3 millionar for Årdal - med dei 3,5 millionane i Lærdal blir det til saman drygt 17 millionar kroner for dei tre kommunane.

–Stortinget er samrøystes om at ein skal setja ned renta gjennom vedtaket om statsbudsjettet, men det vart ikkje sett noko tidspunkt for når det skal skje. Det er viktig å få til dette så tidleg som mogleg så ein kan få verknad frå 2017. Kommunane har jobba breitt og godt saman med LVK inn mot regjering og regjeringspartia i denne saka, seier Navarsete.

Les også: Skal få partifellane på Tinget til å forstå alvoret

I eit lesarinnlegg om saka skreiv Geir Sandvik, styremedlem i Sogn og Fjordane Frp: «Det kan også være grunn til å minne om at kraftkommunene fortsatt har et inntektsnivå langt over gjennomsnittet for norske kommuner.»

Les også: Eiendomsskatten fra kraftverka

Navarsete ser annleis på det:

– Sanninga er at to tredeler av kommunane i LVK er godt under gjennomsnittet. Nokre få kraftkommunar er veldig rike og dreg opp, det blir feil å peika på desse - til dømes Modalen.

Til toppen