Sogn: Politikontaktane er ein del av nærpolitireforma.
– Politikontakt-ordninga er eitt av fleire tiltak som skal sikre at politiet er til stades i alle kommunar, også i kommunar der politiet ikkje har vore fast til stades tidlegare, seier politidirektør Odd Reidar Humlegård i ei pressemelding.
Politikontakten skal vere i kommunen éin eller fleire dagar i veka, alt etter kor stor kommunen og behovet er, opplyser Politidirektoratet.
I tillegg skal det opprettast lokale politiråd med representantar frå kommunane og politiet.
(©NPK)