BESTEMME VÅPEN OG FLAGG: Eit nytt lovforslag opnar for at kommunane sjølv kan bestemme sine eigne kommunevåpen og kommuneflagg.​ Foto: ArmeniaWear.
BESTEMME VÅPEN OG FLAGG: Eit nytt lovforslag opnar for at kommunane sjølv kan bestemme sine eigne kommunevåpen og kommuneflagg.​ Foto: ArmeniaWear.

Kommunane får sjølve bestemme kommunevåpen og kommuneflagg

Eit nytt lovforslag opnar for at kommunane sjølv kan bestemme sine eigne kommunevåpen og kommuneflagg.

  • Endret

Sogndal: – Eg ønskjer å styrkje lokaldemokratiet og flytte meir makt og ansvar til kommunane. Dette lovforslaget vil gjere det enklare å lage nye kommunevåpen for kommunar som skal slå seg saman, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Det er i dag strenge reglar for kommunevåpen og kommuneflagg. Utkast frå kommunane til kommunevåpen og kommuneflagg må kontrollerast av Arkivverket og godkjennast av Kongen i statsråd.

For å styrkje lokalt sjølvstyre og forenkle regelverket foreslår departementet å oppheve den statlege godkjenningsordninga og flytte ansvaret til den enkelte kommune.

(©NPK)

Til toppen