STYRTREGNET PÅ VEG: Slik såg vêrradaren til Meteorologisk Institutt ut tysdag ettermiddag. Raudt merkar kraftig nedbør.
STYRTREGNET PÅ VEG: Slik såg vêrradaren til Meteorologisk Institutt ut tysdag ettermiddag. Raudt merkar kraftig nedbør. (Foto: Illustrasjon / Arkiv)

Kommunane i Sogn er klare for styrtregnet: – Folk må vera obs

– Det er nok absolutt grunn til å vera ekstra årvåken, seier Oddbjørn Ese, rådmann i Vik.

Indre Sogn: Etter at det måndag vart varsla om store nedbørsmengder i indre strok, har samtlege kommunar gjort tiltak for å sikra dei mest utsette områda. 

Etter meldinga kunne Feios i Vik kommune på det meste få til 29,2 millimeter regn, og Gudvangen i Aurland opp til 30,3 millimeter i vindauget mellom 12-18 tysdag. 

– Det er nok absolutt grunn til å vera ekstra årvåken, seier Oddbjørn Ese, rådmann i Vik til Porten.no. 

Rådmann Aurland: – Me skrur opp beredskapsnivået lokalt

Det er venta store nedbørsmengder i Aurland. I  Gudvangen er det venta frå 11,6 til 30,3 millimeter regn frå klokka 12.00 til  18.00, frå 13,5 til 22,2 milimeter mellom klokka 18.00 og 24.00.

Rådmann Steinar Søgaard opplyser at kommunen har varsla beredskapen og følgjer nøye med på varslingane som kjem inn og kommunen skrur opp beredskapsnivået lokalt.

Kommunen har òg vore på befaring i utsette områder og sjekka vassførsla langs vegane, ifølgje Søgaard: 

– Me har notert at vassførsla langs vegane her fort kan føra til at det kan flaume over, om det kjem mykje vatn, seier han. 

– Me har eit eige system som seier ganske nøyaktig korleis nedbøren vil vera lokalt hjå oss, slik at me er førebudd. Me har varsla beredskapen, og den tekniske avdelinga vår er klar om ting skulle skje, seier han.

Starta førebuinga i går

I Vik kommune er det venta opptil 29,2 millimeter regn på det meste. Rådmannen i kommunen, Oddbjørn Ese, opplyser at dei starta med førebuingar allereie i går. 

– Det er jo ikkje varsla noko ekstremvêr, men heller eit OBS-varsel, så det er ikkje på det mest dramatiske nivået. Men me har faste rutiner i kommunen når det gjeld kommunale vegar og avløp, for å passa på at det ikkje er noko som hindrar at vatnet kan renna vekk, seier han. 

Han seier at dei har kartlagt kvar enkeltpersonane i ledelsen i kommunen har befinn seg, slik at dei har oversikt om det skulle bli naudsynt for kommunen å tre inn.

Oppmodar folk til å vera obs

Vidare oppmodar Ese folk til å vera obs på eventuelle utviklingar: 

– Rådet mitt til folk, er det vanlege når det kjem store nedbørsmengder. Det er å vera obs på plassar det normalt kjem mykje vatn, og sjå til at sluker og avløp er ope.

– Det som skjer no er at jorda er hard og tettpakka, så det som kjem av vatn vil flyte oppå. Det er nok absolutt grunn til å vera ekstra årvåken, sler han fast.

Til toppen