FLYKTNINGAR: Rita Tonning (t.v.) og Ingunn Kandal (t.h.) i Raudt Sogn og Fjordane meiner kommunane i Vestland må ta mot flyktningar frå Moria-leiren i Hellas.
FLYKTNINGAR: Rita Tonning (t.v.) og Ingunn Kandal (t.h.) i Raudt Sogn og Fjordane meiner kommunane i Vestland må ta mot flyktningar frå Moria-leiren i Hellas. (Montasje: Privat/Vilde Grimelid Oppedal (arkivfoto))

MEININGAR

«Kommunane i Vestland må ta imot flyktningar frå Moria-leiren»

– Det vert rapportert om grov, uanstendig og inhuman handsaming av menneska, med piggtråd, politi, næringsfattig mat, elendige sanitærforhold, manglande helsetilbod, mangel på klede i minusgrader og eit mottaksapparat på grensa til samanbrot, skriv Ingunn Kandal og Rita Tonning om forholda i Moria-leiren.

Meiningar: Koronakrisa har no råka land over heile verda. Alle land har sine utfordringar, og særleg gjeld dette land som har flyktningleirar med menneske på flukt.

I Noreg har vi myndigheiter som har teke grep når det gjeld korona-viruset, og situasjonen i Noreg er krevjande på alle måtar. Vi er likevel heldige ved at vi har tilgang på mat, utstyr og medisinar – vi lever i ein velferdsstat og i eit velferdssamfunn.

Det bur om lag 20.000 menneske i Moria-leiren, og leiren var meint for 3000. Moria er den største av flyktningleirane i Hellas. Grunna «EU – Tyrkia-avtalen» i 2016, er flyktningane fastlåste i Hellas på ubestemt tid.

Det vert rapportert om grov, uanstendig og inhuman handsaming av menneska, med piggtråd, politi, næringsfattig mat, elendige sanitærforhold, manglande helsetilbod, mangel på klede i minusgrader og eit mottaksapparat på grensa til samanbrot. Fleire land i Europa har starta arbeidet med å evakuere og ta imot flyktningar frå Hellas. 

Raudt Sogn og Fjordane registrerer at det er eit auka press på regjeringa i denne saka. Raudt meiner det ikkje er  tilstrekkeleg at statssekretær Barstad informerer om at Noreg vil bidra med pengar for å avhjelpe i nærområdet. 

Kommunane i Vestland må vere med og ta ansvar og bidra for å lette situasjonen for nokre av dei kriseråka menneska i Moria-leiren i Hellas. Mange kommunar i fylket har gode faglege og materielle ressursar. Kommunane har også viktige erfaringar og kompetanse på å ta imot og busetje flyktningar. 

Raudt Sogn og Fjordane oppmodar kommunane om å be Stortinget straks sette i gang arbeidet med å ta imot flyktningar frå Moria-leiren. Raudt oppmodar også kommunane om å busetje einslege mindreårige flyktningar frå leiren, eventuelt barnefamiliar.

Til toppen