FORKLARAR: 45 millionar kroner har forsvunne frå kraftkommunane i Sogn med eit knips. Leiar i LVK, Torfinn Opheim, forklarar kvifor. Foto: Truls Grane Sylvarnes/Jarle Vines.
FORKLARAR: 45 millionar kroner har forsvunne frå kraftkommunane i Sogn med eit knips. Leiar i LVK, Torfinn Opheim, forklarar kvifor. Foto: Truls Grane Sylvarnes/Jarle Vines.

– Kommunane leikar ikkje butikk

45 millionar kroner har forsvunne frå kraftkommunane i Sogn med eit knips. Her er forklaringa.

Årdal: Du har kanskje fått det med deg – allereie hardt prøva sognekommunar som mistar millionarvis av kroner over natta. Pengar dei hadde budsjettert med, men som no kan forsvinne. 

Over natta har verdien på kraftanlegga i Noreg falle med 54 milliardar kroner.

– Då bør det blinke nokre lamper rundt om. Alt tilseier at verdien sjølvsagt ikkje berre har falle, og då kjem ein til sakas kjerne.

– Leikar ikkje butikk

Torfinn Opheim er leiar i Landssamanslutninga av Vasskraftkommuner (LVK). Den tidlegare ordføraren i Sauda fortel at han har vore rasande på grunn av denne saka.

– Kommunane leikar ikkje butikk. Dei utfører lovpålagte oppgåver. Nokre er misunnelege på kraftinntektene til desse kommunane, men det er ikkje her ein finn dei flottaste kulturhusa i landet. Dei finn du i byane, der ein ofte finn eigarane av desse kraftverka, seier han til Porten.no.

Når Porten.no ber han forklare kvifor det er blitt slik, ønskjer han oss lykke til. Det er nemleg litt komplisert, men heng med. Desse millionane kan nemleg ha stor betydning når kommunane skal få budsjettet for 2017 til å gå opp.

Store endringar i pris

I dag er det slik at alle kommunar med kraftverk har eigedomsskatt på kraftverket. Det rett og rimeleg, men for å ta eigedomsskatt, må ein finne ut av verdien på kraftverket. Verdien vert basert på ei sjølvmelding. Frå i år til neste år har plutseleg verdien på alle kraftanlegg i Noreg falle med 54 milliardar kroner.

Stortinget har vedteke at ein må leggje formueverdien til grunn eigedomsskattegrunnlaget. Då er det to metodar for å finne ut av det. 

– Den eine er at ein tar dei siste fem åra og gonger pris og produksjon med kvarandre. Viss ein då ser på tala for i fjor, der ein bruke perioden 2010 og 2014, så var 2010 det beste kraftpris-året nokonsinne. No er 2010 bytt ut med 2015, som var den lågaste på 15 år. Det gir ein dupp, forklarar Opheim. 

Ei for høg rente

Dersom du skal kjøpe eit kraftverk, så vil du gjerne vite kva dette vil gi av inntekter i framtida, og sjølvsagt kva utgiftene vil vere. Då brukar ein ei kalkulasjonsrente for å finne verdien på verket i dag. 

– Den renta sette finansdepartementet på 4,5 prosent i 2012. Før 2012 hadde me ei forskrift som sa at me brukte renta på statskasseveksel pluss risikotilleg for å få kapitaliseringsrenta. Men i 2012 gjekk ein fekk frå dette, sette ho til 4,5 prosent og sa at ein skulle kome tilbake til denne kvart budsjettår. Det har ikkje skjedd. 

Samstundes har renta gått nedover, medan rentenedgangen ikkje har kome i berekninga av eigedomsskatten. Dess lågare rente, dess høgare blir eigedomsskatten. Med andre ord er det ein kombinasjon av fall i pris og for høg rente som har ført til inntektssvikten.

– Det er kapitaliseringsrenta som gir størst utslag. Viss ein hadde brukt gamlemetoden, ville renta vore på under 3 prosent no. Det hadde dekka heile eigedomsskattebortfallet. 

Staten er vinnaren

Og vinnaren? Jo, det er staten, som er den største eigaren innanfor kraft. Når staten må betale mindre i eigedomsskatt, kan dei ta større utbytte. 

– Samstundes fekk ein eit breitt politisk fleirtal for å setja ned selskapsskatten. Dette gjorde ein for å tiltrekke seg verksemder til landet, ikkje berre innanfor kraft. For å henta inn det bortfallet, har dei auka grunnrenteskatten. Den har dei auka kvart år dei siste tre åra. Grunnrenteskatten er det vasskrafta som må betale, held Opheim fram.

Vidare kan kraftverkeigarane skrive av grunnrenteskatten på eigedomsskattegrunnlaget. Dess høgare grunnrenteskatten er, dess lågare vert eigedomsskatten. 

– Det er kommunane som betalar til staten for at staten får mindre selskapsskatt.

Informerer og hjelper kommunane

Vrient? Les det ein gong til. Det er nemleg alvorleg at kommunar tapar så store summar. I Lærdal mistar dei 40 prosent av dei 15 millionane dei hadde budsjettert med i inntekter frå eigedomsskatt på verk og bruk. 

– Difor informerer og hjelper me kommunane til å forstå samanhengane her. Det var ingen som forutsåg dette. Dersom det er eit inntektsbortfall på 400 millionar kroner, må staten openbert opplysa om dette, men det har dei ikkje gjort. Det står heller ingen stad at staten skulle auke inntektene sine, seier Opheim.

Og så er det opp til kommunane sjølv å utøve eit politisk trykk, slik ordførarane i Lærdal og Luster nyleg gjorde ved å møte eige parti på Stortinget denne veka. 

– Finansdepartementet kunne ha sett teikninga og gjort noko med dette, men no er det kome dit at det er politisk trykk. Då vert det kommentert og handsama i Stortinget. Det er allereie fremja forslag i Arbeidarpartiet sitt alternativ til statsbudsjettet. 

– Ein kan ikkje berre sitja med hendene i fanget og sjå på at kommunane tapar inntekter.

Om kommunane lykkast får ein først svar på rundt månadsskiftet november og desember. 

Til toppen