SAMLA HELSETILBOD: Overføringa av ansvaret til kommunane vil føre til at tannhelsetenesta blir ein del av det samla helsetilbodet i kommunen. Illustrasjonsfoto: Pixabay
SAMLA HELSETILBOD: Overføringa av ansvaret til kommunane vil føre til at tannhelsetenesta blir ein del av det samla helsetilbodet i kommunen. Illustrasjonsfoto: Pixabay

Kommunane overtar ansvaret for tennene

Regjeringa går inn for at ansvaret for tannhelsetenesta blir overført frå fylkeskommunane til kommunane.

– Ingen andre nordiske land har det slik som i Noreg med ei tannhelseteneste som er organisert åleine på eit mellomnivå. Ved å overføre ansvaret til kommunane vil tannhelse bli ein ordinær del av deira helsetilbod og ikkje lenger vere ei særteneste, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Overføringa av ansvaret til kommunane vil føre til at tannhelsetenesta blir ein del av det samla helsetilbodet i kommunen.

– Det opnar for betre samarbeidsmoglegheiter mellom tenestene og eit meir koordinert tilbod. Kommunane vil ha betre føresetnader for å hjelpe dei som kan ha store tannhelseproblem, som bebuarar på sjukeheimar og mottakarar av heimesjukepleie. Det blir også kortare veg til både barnevern og skulehelsetenesta. Det er viktig. Tannhelsepersonell har ein nøkkelrolle i å avdekkje og førebyggje overgrep mot barn, seier helseministeren.

Personar som i dag har rett til heilt eller delvis gratis tannhelsehjelp frå fylkeskommunen, vil behalde sine rettar ved overføringa av ansvaret til kommunane.

Til toppen