BETRE: Trass i at fire av ti kommunar slit med å få tak i ingeniørar, var det dobbelt så mange kommunar som melde om problem med å få tak i desse yrkesgruppene for fire år sidan, understrekar avdelingsdirektør for arbeidsgiverpolitikk, Anne-Cathrine Hjertaas i KS (Kommunenes Sentralforbund) Foto: Hege K. Fosser Pedersen

Kommunane slit med å få tak i ingeniørar – trass oppseiingar

Sjølv om mange ingeniørar har mista arbeidet sitt dei siste åra, slit mange kommunar med å få tak i denne yrkesgruppa.

– Ingeniørar er framleis blant dei utdanningsgruppene det er vanskelegast for kommunane å få tak i seier Anne-Cathrine Hjertaas, som er avdelingsdirektør i kommuneorganisasjonen KS, til  NRK.

Ei undersøking KS har gjort viser at så mange som fire av ti kommunar har problem med å skaffa ingeniørar, fortel kanalen. Det synest regionsjef i NITO Stian Nyhus er overraskande.

– Eg tenkjer det er overraskande tal, spesielt i den situasjonen på arbeidsmarknaden der ganske mange ingeniørar går utan arbeid i dag, seier han. Nyhus meiner løna kommunane kan tilby samanlikna med oljebransjen, kan vera ei medverkande forklaring.

Avdelingsdirektøren i KS meiner likevel situasjonen likevel er betre enn før. Medan 43 prosent av kommunane i dag synest det er utfordrande å få tak i ingeniørar, var det heile 86 prosent av kommunane som meinte det same for fire år sidan.

– Særleg i vestlandsfylka har det blitt betre, seier Hjertaas. Ho meiner mange kommunar har sett moglegheita som har vore no og fått tak i ingeniørar.

Også studentleiar i Norges ingeniør- og teknologiorganisasjon (NITO) ved Høgskulen i Bergen trur mange ingeniørstudentar er opne for å arbeida i ein kommune etter at dei er ferdig med studiet. (©NPK).

Til toppen