GÅR SAMAN: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Årdal Arild Ingar Lægreid (Ap), Arne Varden og ordførar på Leikanger, Jon Håkon Odd.
GÅR SAMAN: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim (Sp), ordførar i Årdal Arild Ingar Lægreid (Ap), Arne Varden og ordførar på Leikanger, Jon Håkon Odd. (Foto: Karina Nerland )

Kommunane vann fram, i 2019 vil gravide få kortare veg å reisa for ultralyd

Kommunar i Indre Sogn og Helse Førde har gått saman om å kjøpa nytt ultralydutstyr til Lærdal sjukehus, går det fram av ei pressemelding.

Indre Sogn: Dette etter ein lang politisk prosess i fleire av kommunane. Det har vore stort engasjement blant politikarar, leiing ved sjukehuset, Sogn regionråd og blant innbyggjarane, for å finna ei løysing. 

Nytt ultralydutstyr var rekna til å kosta 650.000 kroner. Vertskommunen Lærdal skulle betala ein større del av kostnaden, medan dei andre kommunane i regionen vart bedt om å spytta in 96.000 kroner kvar. 

I kommunestyra i både Sogndal og Årdal vart det røyst motargument om at Helse Førde burde kunne stå for investeringa. Men likevel valde politikarane å leggja vekk prinsippa og støtta innkjøpet. 

Under møte i Sogndal kommunestyre i november sa Karin Vikane at ultralyd er viktig supplement til røntgen, MR og CT, i tillegg til å vera viktig for gravide kvinner.

– Ultralyd vil styrka akuttberedskapen ved lokalsjukehuset i Lærdal. For meg er det sjølvsagt at me er med og tek ansvar, sa ho. 

Kortare veg og tryggare oppfølgjing

Målet med å kjøpa nytt ultralydutstyr er at gravide kvinner i regionen skal få kortare veg til rutineundersøkingar, som til dømes ultralyd i 18. svangerskapsveke. Då er det mogleg å undersøka eventuelle risikoar i svangerskapet. 

Slik det er i dag må kvinner reise til Førde sentralsjukehus eller Voss, for å få desse tenestene. Det medfører lang reiseveg. Men i løpet av 2019 lovar Helse Førde og Lærdal sjukehus at ultralydutstyret skal koma på lokalsjukehuset. 

– Me legg opp til eit tett samarbeid mellom sjukehuset i Lærdal og gynekologane ved fødeavdelinga i Førde for å få gjort undersøkingane, seier administrerande direktør Arve Varden i ei pressemelding. 

Fullfinansiert 

Sogn regionråd var primus motor for å få etablert eit tilbod om ultralydundersøkingar ved Lærdal sjukehus.

I prosessen har Helse Førde har stilt seg positive til å etablere tenesta, men har prioritert andre pasientgrupper. Etter at regionrådet kom med tilbod om å vera med å finansiere utstyrskjøpet, takka Helse Førde ja til å kjøpe ein type utstyr som også kan nyttast til andre grupper enn gravide. Døme på dette er anestesilege og gynekologar i samband med ambulerande poliklinikk innan gynekologi.

Fleire kommunar i Indre Sogn har vedteke å løyve midlar til ultralydapparatet. Toppfinansieringa på omlag 100 000 kroner har mangl, men på eit møte før palmehelga med ordførarane Jan Geir Solheim, Arild Ingar Lægreid og Jon Håkon Odd, gjorde Arve Varden det klart at Helse Førde tek denne kostnaden.

Totalkostnaden vert truleg over 650.000 kroner.

Utstyret må kjøpast gjennom offentleg anbod. Varden håpar å ha utstyret på plass i løpet av 2019.

– Me ser at det er ein fordel for dei gravide i Indre Sogn at dei kan få dette tilbodet ved Lærdal sjukehus. Tilbodet vil vera knytta til God start-eininga, me er trygge på at kvinnene vil nytte tilbodet når det er på plass, seier han.

Til toppen