Assisterande miljøvernsjef, Eline Orheim, forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Carlo Aall og  Ida-Beate Mølmesdal, klimakoordinator i fylkeskommunen under KS-konferansen 3.november der prosjektet vart presentert. Pressefoto: Sogn og Fjordane fylkeskommune
Assisterande miljøvernsjef, Eline Orheim, forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Carlo Aall og  Ida-Beate Mølmesdal, klimakoordinator i fylkeskommunen under KS-konferansen 3.november der prosjektet vart presentert. Pressefoto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Kommunane viktige i arbeidet med å redusera utslepp 

Klimaavtalen frå Paris har nett tredd i kraft og der er kommunane tiltenkt ei særs viktig rolle. Dette er utfordrande og difor har fylkeskommunen med fleire rulla i gang prosjektet: «Samhandling for grønt skifte».

Indre Sogn: – Ei av utfordringane ligg mellom anna i at kommunane er tiltenkte ei særs viktig rolle i arbeidet med å redusere klimagassutslepp og å tilpasse oss eit krevjande klima. Dette er utfordrande for ein del kommunar, og fylkeskommunen har starta forskingsprosjektet «Samhandling for grønt skifte» for å sjå nærare på nettopp dette, seier klimakoordinator Ida-Beate Mølmesdal i fylkeskommunen i ei pressemelding.

På KS-konferansen 3.november presenterte ho forskingsprosjektet saman med assisterande miljøvernsjef, Eline Orheim og forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Carlo Aall. Målet var å gjere ordførarar og rådmenn kjende med prosjektet og å få dei med. Til no er seks kommunar med, og det var fleire som melde si interesse etter presentasjonen.

– Hjelp ikkje å stikke hovudet i sanden

Sogn og Fjordane fylkeskommune arbeider no med å utforme ein ny regional klimaplan. Planen skal blant anna oppfylle forpliktingane i Paris-avtalen, som tredde i kraft i dag 4. november. 

– Vi går ei krevjande og interessant tid i møte, men dette er ei utfordring som ikkje går vekk av seg sjølv. Det hjelp ikkje å stikke hovudet i sanden. Vi må heller sjå på moglegheitene som finst for fylket vårt i «det grøne skiftet», seier Mølmesdal.

Prosjektet søkjer å utvikle nye måtar for regionale styresmakter å støtte kommunane sitt klimaarbeid på. Prosjektet ser på korleis fylkeskommunale og kommunale styresmakter kan starte prosessen med det grøne skiftet.

Fylkeskommunen har starta opp og er ansvarleg for prosjektet, med Statens vegvesen Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, NVE Region Vest, KS Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking som viktige samarbeidspartar.

Til toppen