ENDELEG HANDSAMING: Kommune- og regionreforma vart i dag endeleg handsama i Stortinget. 
ENDELEG HANDSAMING: Kommune- og regionreforma vart i dag endeleg handsama i Stortinget. 

Kommune- og regionreforma vedtekne i Stortinget

Talet kommunar skal ned frå 428 til 354, ni av dei ved tvang, medan talet fylke blir nesten halvvert.

Oslo: Det vart bestemt på Stortinget i dag, etter ein debatt som varte i ti samfulle timar.

Utfallet vart som venta, sjølv om marginen vart knappare enn mange hadde spådd på førehand.

Les også: Leikanger blir hovudsete for Fylkesmannen

Representantane frå Høgre, Frp og Venstre hadde i utgangspunktet eit knapt fleirtal for kommunereforma, 86 mot 83. Det betydde at berre to stemmer var nok til å velte samanslåingane, som alle vart stemde over enkeltvis. 

I tre tillfelle stod det berre om èi stemme, blant dei storkommunen i Sogn med Leikanger, Balestrand og Sogndal, men til slutt vart alle banka gjennom.

Les også: Den nye kommunen heiter Sogndal

Stortinget vedtok òg å gå frå 19 fylke til 11 regionar. Her var det eigentleg aldri spaning, då Krf var med på å sikre eit tilstrekkeleg fleirtal. Det betyr at Sogn og Fjordane frå 2020 mister sjølvstendet, 257 år etter at det vart eit eige fylke og 101 år etter at det fekk sitt noverande namn.

Det vil seie, viss det ikkje blir regjeringsskifte til hausten. Senterpartiet har lova at dei vil jobba for å reversere begge reformene dersom dei kjem til makta etter valet.

 

 

 

Til toppen